Gyro Gunnarsdotter Skore

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gyro Gunnarsdotter Skore
Født: 14. september 1889
Død: 11. juli 1978 (88 år)

Gyro Gunnarsdotter Skore (fødd 14. september 1889, død 11. juli 1978) var ei av «Skorsjentene» som dreiv garden Skore i Bygland i ei årrekke på 1900-talet. Systera og den andre av jentene var Gro Gunnarsdotter Skore (f. 1880, d. 1966).

Frå mor deira døydde i 1918 var Gyro og Gro ansvarlege for alt «kvinnfolkarbeid» på garden. Etter at far deira, og seinare broren Bjørgulv blei borte, hadde dei også ansvaret for sjølve gardsdrifta. Dei var flittige og arbeidde mest natt og dag. Det var velstand på Skore, og jentene såg til at garden var i god stand, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Dei dreiv han så lenge dei kunne. Til sist kravde alderen sitt, og dei kom på Byglandsheimen.

Foreldra til Gyro var Gunnar Bjørgulvson Langeid (f. 1845, d. 1929) og Gunhild Salvesdotter Langeid (f. Nordgarden 1845, d. 1918).

Kjelder[rediger]