Setesdalskappleiken 2011
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Anne Hasla
Setesdalskappleiken 2011 vart arrangert av Setesdal Spelemannslag på Rysstad i tida 4.-6. august 2011. Fleire av konsertane var annonserte som utekonsertar, men veret gjorde at alle arrangementa måtte flyttast inn. Hovudpremiane på arrangementet gjekk til Arnhild Brennesvik og Ole Kristian Torjussen frå Småjondølene og Bø dansarring, som vart beste kvinnelege og beste mannlege dansar. Dei fekk rosemåla fat, det same fekk Kim André Rysstad som beste kvedar. Han fekk og Ingebjørg K. Bøs minnepremie som beste utøvar under kappleiken. Som beste dansar fekk Ole Kristian Torjussen og kubbestolen.
Program
Torsdag 4. august 2011

Foto: Liv Bratlie Løyland
- Klokka 19 på Bjugsbakk ved Setesdalsmuseet
- Utekonsert. «Eilert Sundt og Setesdal» Setesdølar med spel, dans og kveding. Forteljar: Leonhard Jansen
- Klokka 21
- Utekonsert med ungdomsgruppa «Stryk», unge og lovande spelemenn og – kvinner frå Haugesund.
Fredag 5. august 2011
- Klokka 9 ved Coop Hylestad
- Gratis Sentrumsfrokost
- Klokka 10-12 på Hylestad soknehus
- Førstehjelpskurs i Setesdalsgangar ved Kari Margrete Okstad
- «Å danse eisemadde». Kurs for vidarekomne ved Birgit Annette Helle og Tor Espen Helle
- Kurs i munnharpe ved Bjørgulv Rysstad
- Kurs i munnharpe ved Sigurd Brokke
- Kvedarstund ved Sigrid K. Jore i Heddistoga (for alle)
- Klokka 10-12 på Sylvartun
- Kurs i felespel for dei litt urøynde ved Knut Arne Rysstad
- Kurs i felespel for dei meir røynde ved Hallvard T. Bjørgum
- Kurs i felespel for dei meir røynde ved Gunnar Stubseid
- Klokka 14-16
- Kursa i munnharpe og felespel held fram
- Kurs i gangarring ved Birgit Annette Helle og Tor-Espen Helle (for alle)
- Kvedarstund i Heddistoga med Kirsten Bråten Berg og Lena Willemark (for alle)
- Klokka 17 på Setesdalsmuseet
- Barneprogrammet «Ulven og dei sju geitekillingane» ved Helga Jacobsen
- Klokka 19 på Bjugsbakk ved Setesdalsmuseet
- Konserten «Vegen» ved KARtrio. Utekonsert
- Klokka 21
- Konsert med Frifot
Laurdag 6. august 2011
- Klokka 9 ved Coop Hylestad
- Gratis Sentrumsfrokost
- Klokka 10 i Hylestad soknehus
- Påmelding til kappleiken
- Klokka 11
- Kappleik
- Klokka 19.30
- 200-års jubileumskonsert for Peter Veum med Hallvard T. Bjørgum, Gunnar Stubseid med fleire
- Klokka 21
- Premieutdeling og dans. Lokale spelemenn, Stryk og Stubseid trio spelar til dansen.
Sundag 7. august 2011
- Klokka 11
- Høgmesse i Valle kyrkje klokka 11 med folkemusikkinnslag
Resultatliste
Dommarar under kappleiken var Marton Laksesvela, Olav Verdal, Siri Dyvik, Aud Manheim og Jon K. Rysstad.
Kveding
- Kveding, klasse A
- Kim André Rysstad, Setesdal spelemannslag, 129 poeng, premiegrad 1
- Kjell Hove, Seljord spelemannslag, 128 poeng, premiegrad 1
- Kveding klasse B
- Inger Lien, Falkeriset, 116 poeng, premiegrad 1
- Birgit Annette Helle, Setesdal spelemannslag, 114 poeng, premiegrad 1
- Sigrid K. Jore, Setesdal spelemannslag 112 poeng, premiegrad 2
- Randi Øverbø Hove, Seljord spelemannslag, 109 poeng, premiegrad 2
- Annika Hammer, 86 poeng, premiegrad 2
- Ingrid Kjøde, Vibå spelemannslag, 68 poeng, premiegrad 3
- Kveding klasse D
- Kittil Brekke, Vårlengt 111 poeng, premiegrad 2
- Bjug Åkre, Mållaget i Kristiansand, 74 poeng, premiegrad 2
- Kveding rekrutt (utan gradering)
- Eldbjørg Rysstad, Setesdal spelemannslag
- Katrine Berg
Spel
- Eldre folkemusikkinstrument senior
- Sigbjørn Høidalen, Setesdal spelemannslag, 99 poeng, premiegrad 2
- Munnharpe senior
- Jamie Lodberg, Setesdal spelemannslag, 80 poeng, premiegrad 2
- Rebecca Egeland, Setesdal spelemannslag 38 poeng, premiegrad 3
- Spel hardingfele klasse B
- Tor Hoslemo, Setesdal spelemannslag, 110 poeng, premiegrad 1
- Jamie Lodberg, Setesdal spelemannslag, 103 poeng, premiegrad 2
- Marius Monrad, Folkemusikklaget Bordun, 92 poeng, premiegrad 2
- Spel hardingfele klasse C
- Nina Byttingsmyr, Sørlandet spelemannslag, 77 poeng, premiegrad 5
- Lagspel hardingfele
- Haugesund spelemannslag 97 poeng, premiegrad 2
- Gruppespel, hardingfele
- Tove, Susanne og Øystein frå Haugesund spelemannslag, 98 poeng, premiegrad 2
- Lagspel, vanleg fele
- Nina Byttingsmyr, Idun Nordskog og Bente Åsheim frå Sørlandet spelemannslag, 75 poeng, premiegrad 2
Dans
- Dans hardingfele klasse A
- Arnhild Brennesvik og Ole Kristian Torjussen, Småjondølene og Bø dansarring, 97 poeng, premiegrad 1
- Hæge Manheim, Seljord spelemannslag 91 poeng, premiegrad 1
- Inga Beth Bø Uppstad og Torleiv Løyland, Setesdal spelemannslag, 86 poeng, premiegrad 1
- Ingebjørg Bø (telegangar), Bø dansarring, 83 poeng, premiegrad 2
- Ingebjørg Bø (telespringar), Bø dansarring, 81 poeng, premiegrad 2
- Dans hardingfele klasse B
- Gunnhild Nybø Hagane og Knut Arne Rysstad, Setesdal spelemannslag, 88 poeng, premiegrad 1
- Tor Espen Helle og Birgit Anette Helle, Setesdal spelemannslag, 85 poeng, premiegrad 1
- Eivind Bakka (telegangar), Fjellrosa, 83 poeng, premiegrad 2
- Sigrid B. Berg og Tor Espen Helle, Setesdal Spelemannslag, 82 poeng, premiegrad 2
- Eivind Bakka (telespringar), Fjellrosa, 81 poeng, premiegrad 2
- Lagdans
- Sæbyggjan, Setesdal spelemannslag, 75 poeng, premiegrad 2
- Open klasse
- Anders Herfoss, Ål spel og dansarlag, 111 poeng, premiegrad 2
Billettprisar Setesdalskappleiken 2011
- Barnekonsert – gratis
- Gjennomgongsbillett: Vaksne kr. 700/13-20 år kr. 500
- Alle konsertar, kappleik og dans på laurdag: kr. 150/100 (honnør/kulturkort) per arrangement
- Ungdom mellom 13-20 år må vise kulturkort og legitimasjon
- Deltakaravgift kr. 100 uansett alder
Kjelder
- Programfoldar for Setesdalskappleiken 2011
- Torgeir Eikeland: Kappleik og kurs med kremlærarar. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt laurdag 6. august 2011 side 12 og 13
- Olav Åsen Haugsgjerd: Innhaldsrik setesdalskappleik. Artikkel i Setesdølen nr. 62, 2011 side 3