Sigrid B. Berg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sigrid B. BergSymbol unrelated.svg
Sigrid Berg.jpg
Foto: Knut Utler
Født: 25. mars 1984 (35 år)

Sigrid B. Berg (fødd 25. mars 1984) vaks opp på Nomeland i Hylestad. Ho er spesialpedagog og tek mastergradstudium i logopedi. Ho gjekk på Valle vidaregåande skule si linje for musikk, dans og drama og var ferdig der 2003. Deretter gjekk ho på Trøndertun folkehøgskole eit år. Så starta ho på pedagogikkstudiet ved Universitetet i Oslo. Ho har også teke eit år musikk, menighet og ledelse på Høyskolen i Staffeldtsgate i Oslo. Etter eit år med reising i Mellom-Amerika kom ho tilbake til Universitetet i Oslo og fullførte bachelor-graden i spesialpedagogikk.

Parallellt med utdanning har ho arbeidd i Dissimilis. Ho har og vore aktiv i Setesdalslaget i Oslo, der ho var med og starta opp att laget og var leiar den første tida etter oppstarten. I 2012 fekk ho eit vikariat som PP-rådgjevar ved Skulepedagogisk kontor for Setesdal.

Ho er vokalist i gruppa Ugagn, som framfører arrangert folkemusikk basert på setesdalstradisjonen. Ho har også vore med i Setesdal Kulturpatrulje.

Diskografi[rediger]

Kjelder[rediger]