Marton Laksesvela

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Marton LaksesvelaSymbol confirmed.svg
Født: 3. april 1963 (62 år)

Marton Laksesvela (fødd 1963) er bonde på Heimigard Rysstad, som han forpaktar. Han kom til Setesdal i 1993 og vart verande. Som dugande felespelar har han vore aktiv i gruppa Knut Heddis Minne. Han og kona Anna Olavsdotter Rysstad har 120 vinterfora sauer og satsar på å levere kortreist mat frå Setesdal Vesthei. Satsinga på salta, turka og røykt sauekjøt har vore svært vellukka, og auka etterspurnad har gjort at dei må spe på med innkjøpte lam gjennom faste avtalar med andre sauebønder på Rysstad. Slaktinga vert gjort hos Fatland i Ølen med garanti om å få tilbake eigne lam til vidare bearbeiding.

Før Marton Laksesvela kom til Setesdal hadde han arbeidd i mange år som reparatør i Norsk Scania i Stavanger. Han arbeidde også for Scania i Sverige. Han har og vore traktorseljar og dekkforhandlar. Han arbeidde på Setesdalsmuseet den første tida etter at han kom til Setesdal, og framleis tek han på seg arbeid utanfor garden når han vert spurd, sjølv om han helst vil utvikle garden. 27. oktober 2018 opna gardsbutikken, der dei sel mellom anna lammekjøt og -skinn, honning, egg. I byrjinga er butikken open nokre timar på torsdagar og fredagar. Draumen er å få sett opp ein ny driftsbygning.

Kjelde