Sigrid Kjetilsdotter Jore
Sigrid Kjetilsdotter Jore![]() | ||
---|---|---|
Født: | 23. desember 1987 (34 år) |
Sigrid Kjetilsdotter Jore (født 23. desember 1987) er folkemusikar, kvedar og dansar frå Valle. Ho bur på Fossheim på Strondelene. Kirsten Bråten Berg, Ingebjørg Vegestog Homme, Birgit Rike Lund og Øyonn Groven Myhren har vore læremeisterane og dei største inspirasjonskjeldene hennar. Ho har studert ved Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskule, og tok i 2014 som den første i Aust-Agder bachelorgrad i utøvande folkemusikk. I 2012 kvalifiserte Sigrid seg til A-klassa, eliteklassa, på landskappleiken.
Sigrid K. Jore er engasjert i musikken på mange felt. Ho er mellom anna med i folkemusikktrioen Raabygg og i Kulturpatrulja. I 2011 var ho med på å starta danseringen Sæbyggjan, som ho framleis leiar i 2018. Ho driv mykje med kurs i kveding, mellom anna på kulturskulen i Valle, og har og vore på besøk i alle skulane i Setesdal saman med Birgit Annette Helle, og dei lærte elevane å kveda og dikte stev.
Diskografi[rediger]
- Solo
- 2016: Brurehesten (CD) utgjeve på Etnisk Musikklubb
- Med Raabygg
- 2016: Ein etter far (CD) utgjeve på Etnisk Musikklubb
- Samarbeidsprosjekt
- 2016: blodsmak: Gjennom marg og bein (LP) utgjeve på Crime Records AS
Kjelder[rediger]
- Om Sigrid K. Jore på Setesdalsfolk.no.
- «Første med grad i kveding», artikkel i Agderposten, 31. mai 2014.
- Heimesida til Aust-Agder Ungdomslag om kursverksemd.
- Sigrid Kjetilsdotter Jore i prat med Siri Johannessen 24. oktober 2018.