Setesdal spelemannslag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdal spelemannslag vart skipa 31. august 1930, under namnet Agder Spelemannslag. I 1935 blei namnet endra til Setesdal spelemannslag. Føremålet til laget er å samle spelemenn, kvedarar, dansarar og andre interesserte for å dyrke og ta vare på folkemusikk- og dansetradisjonen i Setesdal. Laget har fokus på opplæring i spel, kveding og dans. Etter at laget vart etablert, har det stått for Setesdalskappleiken, som vert arrangert kvart år i august.

I det første styret var desse med: Gunnar Lande, formann, Torleiv Frøyså, J. G. Nordgård, Olav Heggland og Dreng Ose.

Saman med andre hadde laget ei tid arbeidd for at setesdalstradisjonen, med dans, spel og stevjing, skulle få status som immateriell kulturarv på verdsarvlista til UNESCO. 12. desember 2019, under det 14. møtet i UNESCO-komitéen, vart statusen gjeven, og i 2020 vart laget kåra til årets lokallag av FolkOrg.

Æresmedlemmer

Meisterspelemannen Olav Heggland er mellom heidersmedlemene i Setesdal Spelemannslag. Han var den aller første i laget som fekk denne gjeve utmerkinga.

Litteratur

I samband med 50-årsjubileet i 1980 skreiv Gunnar Lande og Hallvard T. Bjørgum festskriftet Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980. Boka er på 424 sider og er illustrert.

Kjelder