Setesdal. Kulinariske skattar og levande tradisjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida.

Setesdal. Kulinariske skattar og levande tradisjonar er ei bok om dei sterke, særmerkte og gamle, men høgst levande mattradisjonane frå Setesdal, og korleis dei er vovne tett saman med dei andre kulturuttrykka og skikkane i det løyndomsfulle dalføret. Frå gamalt av omfatta Setesdal det området som i dag er Valle og Bykle. Boka handlar difor primært om mattradisjonane i desse kommunane. Forfattarar er Margit Dale og Frode Verpe. Foto er ved Frode Verpe. Design: Tora Verpe Dale. Utgjevar er Systog Dale Produksjoner. Trykk og innbinding: John Grieg, Bergen. Utgjevingsår: 2024. ISBN 978-82-693549-0-4.

Ved sida av dei to forfattarane, har Annbjørg Lien og Leonhard Jansen skrive eit kapittel kvar i boka. Her er også intervju med kulturberarar på ulike felt, som Sigurd Brokke, Pål Dale, Kirsten Bråten Berg, Sigrid B. Berg, Sondov Bjåen, Gunhild Dale Osmundsen, Folke Nesland og Knut Brottveit. Hovuddelen av boka er rundt 90 matoppskrifter. Ho er rikt illustrert med både historiske og nye foto.

Kjelder

  • Boka