Annbjørg Lien

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Annbjørg Lien
Født: 15. oktober 1971 (54 år)

Annbjørg Lien (fødd 15. oktober 1971) er folkemusikar frå Mauseidvåg på Sunnmøre busett i Kristiansand der ho og mannen Bjørn Ole Rasch driv Kongshavn Studios. Annbjørg Lien spelar fele, hardingfele og nyckelharpa. Frå 2021 er ho tilsett som prosjektleiar for UNESCO Setesdal, med arbeidsstad på Rysstad.

Ho var bare fem år gammal då ho tok til å spele fele. Far hennar var læraren hennar på hardingfele og dei reiste på kappleikar for å bli kjent i spelemannsmiljøet. Ho var 12 år gammal då ho første gong høyrde Torleiv H. Bjørgum spele. Det var på landskappleik, han sat i under ei bjørk i solskinn og spelte med mykje folk som høyrde på. Då ho var 15 år gammal reiste familien til Rysstad for å vere med på Setesdalskappleiken. På same tid laga NRK eit portrettprogram med henne på TV. I tillegg til å spele hardingfele, gjekk ho på kulturskulen i Ålesund og lærte å spele fiolin.

Etter ungdomsskulen reiste Annbjørg Lien til Oslo for å gå på skule. I tillegg til ei omfattande utdanning innan folkemusikk mellom anna som elev av Hauk Buen, som ho også budde hos ein periode, og Torleif H. Bjørgum, har ho studert interiørarkitektur og møbeldesign på Kunsthøgskolen i Oslo.

I 1988 ga ho ut debutplata Kjellstadslåttar. Same året starta ho gruppa Bukkene Bruse saman med Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Etter kvart vart også Bjørn Ole Rasch med i gruppa. Gruppa vart Norges offisielle olympiske musikkgruppe og reiste verda rundt før Lillehammer-OL i 1994, der dei også spelte under avslutningsseremonien. I 1998 vart dei inviterte til å vere ambassadørar for Redd Barna og reiste til Mosambique for å sjå arbeidet på nært hald og bruke musikken i møte med barna. Frå 1993 til 2004 ga gruppa ut fem plater.

Då gruppa String Sisters vart etablert i år 2000 i samband med den skotske musikkfestivalen Celtic Connections, vart Annbjørg Lien medlem. I tillegg har ho hatt ein karriere som solist som har ført henne over heile verda både som utøvar og lærar. Ho har vore engasjert av symfoniorkester for å spele komposisjonar for hardingfele, til dømes Tri fjordar av Geirr Tveitt. Ho har også delteke i mange TV-program, inkludert eit minneprogram for Kong Olav. Ho har plassert folkemusikken i nye samanhengar og har også komponert musikk sjølv. Frå 1998 til 2012 ga ho ut åtte musikkalbum.

I 2016 starta ho arbeid med doktorgrad i utøvande folkemusikk. Ho var doktorgradstipendiat ved Universitetet i Agder og studerte folkemusikken i Setesdal med utgangspunkt i opptak av utøvarar som Andres K. Rysstad, Torleiv H. Bjørgum, Olav Heggland, Hallvard P. Dale og andre som finst i Agder Folkemusikkarkiv, men også i møte med aktive folkemusikkutøvarar. Arbeidet skulle bli ei avhandling, cd og konsert. Noko av dette arbeidet skjedde i Lislestog i Henriksentunet i Bykle. I 2019 tok ho ein utøvande doktorgrad i hardingfelespel ved Universitetet i Agder, med tittelen «Specialization in Popular Music Performance».

Hedring og prisar

  • 1990 - Øivind Berghs minnepris som første prisvinnar
  • 1998 - Kassettavgiftsfondets lanseringsstipend
  • 2004 - Gammleng-prisen i klassen folkemusikk
  • 2006 - Hilmarprisen

Kjelder