Slengen

Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap. Han ligg ved ein «sleng» på heievegen. Det er ganske sikkert opphavet til namnet.[1] Han er den einaste av fire slike plassar i området som framleis har hus. Dette var sterkt til nedfalls, men det blei vedteke å setje huset i stand att gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om husmannen sitt daglegliv og levekår betre enn ein skriftleg rapport kan gjere.
I bygdeboka for Valle er det opplyst at Slengen vart frådelt i 1906, men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Huset tyder på å vere bygd på 1800-talet. Frå 1935 har det ikkje budd folk i huset, som har stove, gang og kammers. Det er i ein etasje og har ein låg hems over stovedelen.
I området er det tre andre husmannsplassar som i dag bare er attgrodde tufter: Krone, Drenkadøl og Bronen. Slengen vert teken vare på av Setesdalsmuseet og var månadens kulturminne for mai 2013 i Aust-Agder.
Det blei løyvt 600.000 kroner til kurset for å restaurere husmannsplassen. Finansieringa kom frå Kulturminnefondet, kulturminnevernseksjonen i Aust-Agder fylkeskommune, Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap og Valle kommune. Kurset med ni deltakarar starta i veke 14, 2014 og gjekk over 10 veker fordelt på halvtanna år. Leiar for prosjektet var Ane Uleberg.[2]
Referanser
- ↑ Olav O. Holen, Husmannen, stykke i Jol i Setesdal 2010, side 12–15
- ↑ Ole Birger Lien: Skal restaurere Slengen. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2014 side 3