Prestneset
Hopp til navigering
Hopp til søk
Prestneset er området i Bygland nedanfor Bygland kyrkje mellom Riksveg 9 og Byglandsfjorden. Det er Opplysningsvesenets fond som eig området, men i 2015 sette Bygland kommune i gang eit arbeid for å regulere området til for bustad- og næringsformål.
Området har namn etter Bygland prestegard, som låg på staden. I dag held Bygland frivilligsentral til i den gamle prestegarden. På området ligg kafeen og kulturarenaen Stoga Bygland, i dei tidlegare lokala til Glashytta i Setesdal, og Brygga kafe. Dampbåten Bjoren legg til ved Bygland brygge i dette området. Bygland Tun, museet si samling av gamle hus, ligg også nord på området, der det og er planar om å bygge kulturhus. I nordre del av området vart Tufteparken opna i juni 2015.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Vil bygge 24 leiligheiter på Prestneset. Artikkel i Setesdølen nr. 55, 2015 side 5
- Ole Birger Lien: Opna Tufteparken i Bygland. Artikkel i Setesdølen nr. 49, 2015 side 6