Bygland prestegard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygland prestegard er ein gard (gnr. 47) i Kyrkjebygda i Bygland.
Historie
Prestegarden var i gamal tid største garden i prestegjeldet. Han var fullgard (4 huder). Presten dreiv garden sjølv, med ein stor flokk husmenn som hadde pliktarbeid der i onnene. Husa låg omlag rett mot Bygland kyrkje, men er borte nå. Prestebustaden blei flytta til Prestneset nede ved Byglandsfjorden. Ei rekke bruk og eigedomar er gjennom tidene skilde frå Prestegarden eller festa bort. Det svære byggefeltet Prestlidi sør for sentrum, det største i Bygland, ligg såleis på grunnen til Prestegarden.
Kjelder
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 301–310
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.