Bygland museum
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygland museum ligg på Prestneset nær Bygland sentrum, og er ei avdeling eller samling under Setesdalsmuseet. Museet er nyrestaurert.
Anlegget viser byggeskikk og kultur frå midten av 1600-talet, då folk budde i sotete stover med ljore i taket for ljos og røyk, og med harde benkar langs veggane. Bygt inntil er den meir «moderne» nyestoga frå Heistad, med skorstein og vindauge, himmelsenger og loftsetasje.
Bygningar
Kjelder
- Bygland museum, brosjyre, Setesdalsmuseet