Bygland brygge

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjoren legg til ved Bygland brygge 8. juli 2018.
Bygland brygge med Bjoren til kai 2. juni 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Bygland brygge er ei gamal steinbrygge på Prestneset i Bygland kyrkjebygd. Det er her Bjoren legg til når han vitjar Bygland sentrum. Ved brygga ligg serveringsstaden Bjoren Brygge. I same området ligg også Bygland museum og Glashytta i Setesdal.

Historie

Brygga skal vere bygd i 1912. Presten i Bygland fekk då laga seg ein avtale om at dersom brygga blei flytta frå Nese til stranda ved prestegarden, skulle båtselskapet få gratis tomt om han og huslyden fekk reise gratis med båtane så lenge dei ville. Same året blei varehuset «Kveldsro» bygd ved brygga. Kveldsro er bygningen som i dag er utestaden Brygga.

Kjelder