Olav O. Tveit
Olav O. Tveit | ||
---|---|---|
Født: | 16. januar 1912 | |
Død: | 27. mars 1943 (31 år) |
Olav O. Tveit (fødd 16. januar 1912 i Evje, død 27. mars 1943 i tysk krigsfangenskap) var gruvearbeidar i Evje og motstandsmann under andre verdskrigen.
Olav Tveit var ein umåteleg dyktig mann i Arbeiderpartiet i si tid, skriv Sigmund Monen i sitt store verk om gruvehistoria i Setesdal.[1] Han var også aktivt med i fagforeninga i Flatebygd. Men saman med ein del andre braut han ut av Arbeiderpartiet, og var med og danna Evje kommunistparti. Då krigen kom, var han med i ei kommunistisk motstandsgruppe i Evje. Gruppa var knytta til den såkalla Lumber-gruppa i Kristiansand. Tveit vart arrestert av tyskarane 8. september 1942, sammen med mange andre i motstandsgruppa. Først blei han send til Kristiansand. Etter det kom han til Grini fangeleir. På Grini blei han alvorleg sjuk av nyrestein. Så vart han send vidare til Tyskland, først Sachsenhausen konsentrasjonsleir og etter det Staaken-Falkensee konsentrasjonsleir. Han hadde enno ikkje kome seg etter sjukdommen på Grini. Olav Tveit døydde i Falkensee 27. mars 1943.
Foreldra til Olav var Olav O. Tveit (f. 1881) og Tobine (f. Helle 1889, Hægebostad).
Namnet til Olav O. Tveit er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei som sette livet til i kampen for fedrelandet i krigen 1940–1945.
Kjelder
- Om Olav O. Tveit på Fanger.no
- Arild Skaiå og Anders Skaiå, Alfred Skaiå, fange nr. 61109, utrykt manuskript datert 9. februar 2013, utlånt av forfattarene
- Frigjeringsavisa 1995, utgjeve av Evje og Hornnes kommune og Infanteriets øvingsavdeling nr. II til Frigjeringsjubiléet 1995 i Evje og Hornnes, side 15
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2. utgave, 2018, side 302–303 og side 522–523
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 441