I fotefara til ein utflytta slektning
I fotefara til ein utflytta slektning er ein artikkel av Erik Kjebekk. Den stod i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.
I fotefara til ein utflytta slektning
Frå barneåra hugsar eg kor spennande det var å få julebrev frå onkel i Amerika. Like sikkert som jula nærma seg, like sikkert kom amerikabrevet. Fleire brev frå Amerika fekk me ikkje heime hos oss. Onkel skreiv kvart år ikkje eit felles brev som me fekk ein kopi av. Nei, han skreiv eit personleg julebrev til alle søskena sine. Eit og anna brev elles i året sende han vel også heim til familien i Noreg, men det er julebrevet eg og dei andre i slekta hugsar best. At eg nokon gong skulle kome til Effie, ein liten stad langt mot nord i Minnesota, der han budde mesteparten av livet, det tenkte eg visst aldri på. Sist haust var eg der. Når eg no ynskjer å take lesarane med på ei reise til det norske Amerika, ber eg om orsaking for at det er mi eiga slekt som står i sentrum. Det må berre bli slik.
Farvel med heimlandet
Eldstebror til far min utvandra til Amerika i 1910. Mange nordmenn reiste på den tida over til Statane. Kring i heimane var barneflokkane store. På Kjebekk var dei sju jenter og fem gutar, Mange munnar skulle mettast. Men pappa fortalde at sjølv om dei var mange med glupsk appetitt, åt dei seg likevel alltid mette.
Dei fleste gardsbruka på Agder var små, slik var det også i Evje. Landet og lokalsamfunnet kunne ikkje skaffe arbeid til alle som voks opp. Mange tykte også det var lita framtid i å slite seg ut på småbruka. Frå slektningar og kjenningar i den nye verda kom det brev som fortalde om nok av arbeid, flatt og grøderikt jordbruksland og industritiltak som trong store arbeidsressursar. Og mange reiste for å finne ei betre framtid i den nye verda enn det gamlelandet kunne tilby dei. Sjølvsagt var også romantikk og draumar med i dette bilete. Meldingane frå landet på andre sida av Atlanterhavet virka lokkande på unge jenter og gutar som hadde livet framfor seg.
Onkel min, Tellef var altså mellom dei mange som reiste over til Amerika. Det vert fortalt at då han reiste heimanfrå, gjekk han snarvegen ned jordet på Kjebekk. I skogkanten snudde han seg og vinka med hatten i handa til mor, far og syskenflokken som stod att heime på tunet. Ingen tenkte nok at det skulle gå 36 år før han kom attende til Kjebekk. Planen var vel for han som for mange andre at han ville vere der borte nokre år og tene pengar, så ville han heim att. Men slik gjekk det ikkje.
Etter det eg veit, arbeidde han dei fyrste åra på Austkysten. I 1916 tok han «homestead» i Effie, ikkje langt frå grensa til Canada. Søskenbarnet til mor hans, Olav Lund frå Evje, som seinare kom heim att og bygde seg heim på Odde, rådde han til å få seg ein farm. Olav Lund hadde då farm i Effie.
Soldat i første verdskrig
På denne tida rasa krigen i Europa. I 1917 gjekk USA med i krigen. Amerikanske soldatar blei sende til Frankrike. Onkelen min var mellom dei. Ein morgon under oppstillinga vart det spurt om det var nokon i troppen som kunne koke mat. Dei trong ein kokk. Tellef såg då eit høve til å sleppe å kome i fremste lina. Sjølv om han vel berre hadde drive med kokkekunst på ungkarsvis, tok han på seg oppdraget, og han fungerte som kokk heilt til Tyskland kapitulerte og dei amerikanske soldatane kunne vende heim.
Første verdskrig er blitt kalla soldatkrigen. Millionar soldatar på båe sider av fronten fall. Uhyggelige tilstandar rådde i skyttargravene. Les Intet nytt fra vestfronten, så ser du det. Ein av venene til min onkel, Tellef Flaat frå Flatebygd, farbror til Olav K. Flaat, vart råka av ein granat i hofta. Han døydde etter ni dagar og fekk si grav på ein militær gravplass i Frankrike.
Gunhild frå Bygland
Då onkel Tellef, eller Tom Erickson som han kalla seg i Amerika, kom attende til USA i 1918, var han fast bestemt på å selje farmen og flytte tilbake Noreg. – Men så trefte eg Gunnhild, hermer dei etter han. Dermed vart han verande i Minnesota.
I mellomkrigstida livnærte dei seg på farmen som etter amerikanske forhold var liten. Tidene var vanskelege i USA også. Tellef dreiv med kalkun. Syskenbarna mine fortalde at dei åt mykje kalkunkjøtt. Men det er vel ikkje den ringaste kosten, vil eg tru!
Gunhild var barnefødd i Bygland, som ligg på grensa mellom Minnesota og Nord-Dakota. Og ho hadde slektsrøter til Bygland i Setesdal. Etternamnet hennar var Hovstad. Eg meiner far hennar heitte Tomas Hovstad og kom frå Hovstad i Grendi. På morssida heitte ho Horverak. Eg veit lite om slekta hennar på morssida. Men ho var altså fullt og heilt byglending.
Tellef og Gunhild besøkte Evje i 1972. Alle i familien vår blei opp i undring over å høyre Gunhild tale. Sjølv om ho aldri tidlegare hadde vore i Setesdal, tala ho likevel perfekt setesdalsmål utan amerikansk aksent eller ordstilling. Ho hadde gått på norsk skule, norske gudstenester, brukt norsk bibel, salmebok, andaktsbøker og nytta norsk i daglegtalen i mange og framover. Det budde mange norske immigrantar både der ho voks opp og der ho og Tellef seinare busette seg på den vesle farmen i Effie.
Då eg møtte Gunhild i 1972, fortalde ho meg at ho frå unge år hadde lese andaktsboka til Rosenius på norsk. Eg skjøna då at ho gjennom foreldra hadde fått med seg ein god og rik vekkingsarv frå Setesdal. Andaktsboka av Rosenius var no sundlesen. Eg kjøpte difor den same andaktsboka i nyutgåve og gav henne.
I Effie
Dei fyrste fjorten dagane me var i Minnesota, budde me i Northfield, like ved St. Olafs College. Ein dag drog me saman med søskenbarna mine og nokre andre i familien nord til Effie. Turen frå Northfield til Effie tok om lag fem timar. Eg ynskte å kome dit, så eg er svært takksam til slektningane mine som tok oss med på den lange dagsturen.
I sentrum av Effie helste me på to personar som heitte Aakhus. Båe var pensjonistar. Den eine trefte eg på kafeen som nok var ein samlingsstad for folk der i distriktet. Den andre vølte på kyrkja. Mange norskamerikanarar har eit nært forhold til kyrkja. Han fortalde at han tenkte seg ein tur til Setesdal. Dei hadde slektningar i Bygland.
Aakhus-namnet møtte me att då me kom til Fredheim kyrkje som ligg ei mils veg frå sentrum av Effie. På kyrkjegarden såg eg i alle fall to gravsteinar med namnet Aakhus på. På ein annan stein stod namnet Aanonsen. Etter det eg forstod, var dei også komne frå Setesdal.
Den vesle kyrkja der på staden var no nærast museum. Ho blei ikkje nytta til gudstenestebruk lenger. Ei tid hadde ho jamvel stått på ein farm eit stykke frå kyrkjestaden. No hadde personar med sans for tradisjon fått henne attende til staden der ho opphavleg stod og sett henne i stand. Det var underleg å kome inn i det vesle kyrkjehuset. Her hadde tante og onkel lytta til Livsens ord i norsk språkdrakt. Og her var borna deira døypte og konfirmerte.
Den vesle kyrkja talte sitt tydelege språk om at immigrantene frå Noreg tok med seg kristenarven då dei fór den lange vegen til Amerika. Det voks rett nok fram mange lutherske kyrkjesamfunn i eit land utan stats- og folkekyrkje og med full religionsfridom. Kyrkjelivet mellom norske utvandrarar er eigentleg eit spegelbilete av forskjellige grupperingar so har sett sitt preg på kyrkjelivet i landet vårt frå Hans Nielsen Hauges tid.
På farmen
Det var som ein draum. No var eg på farmen der onkel og tante budde i mange år. Eg var inne i huset dei bygde på 1930-talet. Det likna på hus som vart bygt i Noreg på den tida. Eg såg tomta der det fyrste vesle huset stod. Ei lafta hytte ville me vel helst ha sagt i dag. Det kunne ikkje ha vore på mange kvadratmeter, men der budde i mange år ein familie på fem personar. Eg gjekk ned til elva som renn om lag femti meter frå husa. Der var nok vaskeplassen. På andre sida budde Aakhus, Aanonsen og lenger oppe Olav Lund, fortalde eit av syskenbarna mine.
Det må altså ha vore nærast eit norsk samfunn der i nærmiljøet. Då borna var små, tala dei norsk i heimen. Og eldsteguten hadde norsk til opplæringsmål dei første åra på skulen. Han kunne enno nokre få setningar på norsk som han hermde etter mor si.
Etter kvart som amerikaniseringa av samfunnet gjekk sin naturlege gang, tok engelsk språk over. Men kor ein snur og vender seg i desse område i Midtvesten, møter ein menneske med norsk avstamming. Mange av dei er interesserte i å lære røtene sine i Noreg betre å kjenne. For meg var det ei stor oppleving å møte nokre av desse. Framleis er det band som bind norskætta amerikanarar til gamlelandet.
- Stykket er skrive i 1998