Tryggheim bedehus hundre år

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Tryggheim bedehus hundre år er ein artikkel frå 2004 av Erik Kjebekk. Den stod i hefetet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.

Tryggheim bedehus hundre år[rediger]

Evje bedehus vert vigsla[rediger]

Søndag 16. oktober 1904 er ein merkedag i Evje-samfunnet si soge. Då vart det nyreiste bedehuset vigsla av biskop Torkildsen, som på den tida var biskop i Kristiansand stift. Evje kristelege ungdomslag åtte huset. Det var nok ikkje ofte biskopen var på gjesting i Evje, travelt opptatt som han var med å leie det store stiftet, som då også omfatta Rogaland. Rogaland vart seinare utskilt som eige bispedøme. Biskop Johan Christian Heuch som var biskop i Kristiansand stift før Torkildsen, hadde vigsla Evje kyrkje i 1891.

Vigslefesten av Tryggheim tok til kl. 1530. Jens O. Bjoraa, som hadde vore formann i Evje kristelege ungdomslag frå starten i 1902, leidde festen. Biskopen heldt vigsletalen. Han tala om apostelen Johannes sin første dag hos Jesus. Som Johannes kom og såg Frelsaren, slik treng også me å sjå han. Ifylgje referatet frå festen sa biskopen mellom anna:

Jeg antar at det er 300 mennesker her i dag; de 300 må komme til Jesus. Mange går et stykke på vei og så lever de på andres erfaring. Men han siger til alle som han sagde til de to disipler, kom å se. Du må komme selv å se. Der må øves press, for at drage folk til Jesus, men ingen kan tvinge en til å elske en anden. Jesus lar enhver vælge frit. Han siger, kom å se.

Biskopens tale var sterkt Kristus-sentrert. Det same kan seiast om helsingstalen til sokneprest i Bygland, seinare biskop i Oslo, Johan Lunde, han som fekk tilnamnet barnebispen. Han tala om at Kristus er komen for å løyse oss frå dei mange lekkjene Satan bind oss fast til seg med. Sjølv i og for seg verdfulle ting kan Satan bruke til å binde oss med. – Men er en bundet i Satans lenker um den er aldri så fin, så er Jesus den eneste som kan løse, sa den mykje avhaldne Byglandspresten. Eirik Klepsland har fortalt meg at mor hans, Kari, som kom frå Vassend, ikkje kunne gløyme Johan Lunde si omsut for ungdomane i det kristelege ungdomslaget på Byglandsfjord.

Under vigslefesten var det elles helsingar frå sokneprest Andersen, emissær Torstein Håkedal, som vart kalla Hjuringen og opphavleg kom frå Tovdal, stasjonsmeister Aasmund Espeland, som sit med dottera Arna på fanget på biletet (dette bilete er tatt fleire år seinare) som heng på veggen i gangen her i bedehuset, og Johannes Daasvand som like i førevegen var blitt ein kristen. Kort tid etter flytta Johannes Daasvand til Stavanger og begynte som forkynnar i Kinamisjonsforbundet der vest. Han blei seinare ein landskjent predikant. Og Tor Lande frå Grendi, eller frå Byglandsfjord kristelige ungdomslag, som det heiter i referatprotokollen, «slutta festen med tale og bøn». Koret frå Byglandsfjord kristelige ungdomslag deltok med song.

Til festen var det prenta ein foldar med to songar. Den eine er skriven av Olav Leifsen Klepsland, og den andre av Olav Eirikson Klepsland. Dei var syskenbarn. Eg siterer eit vers frå kvar av dei to dikta. Hos Olav L. Klepsland heiter det i det andre verset i songen:

- Velkomen alle til vår fest;
for Gud er sjølv den rike gjest,
som metta alle vil med godt
sjølv om det skulle synast smått
med det me hadde laga til;
Gud alle gjeva kann og vil.

Og Olav E. Klepsland skriv i det andre verset i sitt dikt:


Takk Gud for huset me fekk bygt,
der me kann saman vera;
vár det for livsens stormar trygt;
lat strævet frukter bera!
saml inn til kristen dygd,
av folket i vår bygd,
so me i kristen tru
kann kjærleg saman bu
og sanne gledur finna!

Vigslinga av Tryggheim for hundre år sidan var utan tvil ei storhending i Evje. Sjølv om me må take talet 300 med ei klype salt, som me seier, så var svært mange menneske samla i bedehuset då det vart vigsla. Ja, huset må ha vore sprengfullt!

Planlegginga av bedehuset[rediger]

Det såg annleis ut i Evje sentrum for om lag hundre år sidan enn det gjer i dag. Sjå på gamle bilde av det nybygde bedehuset. Husa kringom er spreidde. Likevel må me seie at bedehuset fekk ei strategisk plassering. Området kring jernbanestasjonen var på den tida i ferd me å bli eit sentrum i kommunen. Nettopp jernbanen som kom i drift i 1896 og stasjonen, som vart reist der sentrumsbygget no ligg, var utan tvil ein sterk pådrivar til at området her vart sentrum i kommunen.

Før bedehuset vart bygt, hadde det kristelege ungdomslaget mange av møta sine i Sagatunbygget som lensmann Olav N. Galteland åtte. Sagatunbygget som vart brukt til ulike aktivitetar, må ha hatt eit lokale som kunne nyttast til samkomer. Eg ser av den eldste protokollen til ungdomslaget at dei stundom også leigde Ljosheim til møtelokale. Ljosheim eller «Bondehytta» som huset også vart kalla, var eigd av det frilynde ungdomslaget. Og sommarstid la det kristelege ungdomslaget ikkje sjeldan møta til Vånne, Høgetveit, Flatebygd, Klepsland og Syrtveit.

Kva tid dei begynte å planlegge bygging av bedehus, veit eg ikkje. I møte i ungdomsomslaget 19. april 1903 vart byggenemnd utpeikt. Det heiter i referatet at ein av medlemene i laget på neste møte sette fram forslag om nyval av byggenemnd, då det fyrste valet etter hans meining ikkje hadde gått rett føre seg. Ved den nye røystinga vart dei same valde som førre gongen: Olav N. Galteland, formann, Gunnar Jakobsen, Olav L. Klepsland, Olav Høgetveit, Olav Dovland og Olav J. Bjoraa.

Men kvar skulle bedehuset/ungdomshuset byggjast? Styreprotokollen fortel ikkje så mykje om drøftingane kring det spursmålet. Det einaste eg har funne, er at i møtet i ungdomslaget 13. september 1903, vart saka drøfta. Lensmann Galteland tala då sterkt for tomta nordafor Sagatun. Han sette også fram forslag om å plassere bedehuset der. Under avstemminga vart dette forslaget vedtatt mot ei røyst. Frå dette vedtaket vart gjort og fram til huset stod ferdig, tok det om lag eitt år.

Søndag 4. september 1904 heldt ungdomslaget møte for fyrste gongen i det nye lokalet. Då drøfta dei kva namn huset skulle ha. Fleire forslag blei sette fram, men flest røyster fekk namnet Tryggheim. Det har vore namnet fram til dags dato. Namnet er ikkje originalt. Mange bedehus heiter Tryggheim. Med det namnet har ein ynskt og ynskjer ein at bedehuset skal vere ein trygg heim for oss.

Tryggheim i bruk[rediger]

Tryggheim bedehus har vore svært mykje brukt til ulike arrangement dei hundre åra det har stått. Eg trur få bedehus er meir brukt enn Tryggheim. Her har dei kristne misjonsorganisasjonane hatt hovudtyngda av sine samlingar. Særleg i fyrste halvpart av 1900-talet vart rett nok ein del møte, stemne, turar og andre arrangement lagde til andre bygder i gamle Evje kommune. Og Flatebygd fekk sitt eige bedehus i 1916. Men elles har størsteparten av den kristelege møteverksemda skjedd på Tryggheim. Også dei fleste basarane er blitt haldne her. Til større arrangement og møtekampanjar har ein gjerne brukt kyrkja. På Tryggheim har søndagsskulen, barnelag, yngreslag og ungdomsforeininga halde til. Her har songkor og musikklag hatt sine øvingar.

Tryggheim bedehus er også blitt brukt til meir allmenne arrangement, til vallokale, kommunestyremøte og liknande føremål bortsett frå partipolitiske møte. Sjølv hugsar eg frå barneåra mine på 1950-talet kor stas det var på 1. og 17. mai når me kom til Evje sentrum frå familiegudstenesta i kyrkja og kommunen spanderte på oss skuleelevar ei flaske brus og ein pose med wienerbrød og bollar frå bakeriet til bakar Pedersen. Maten blei utdelt og konsumert i matsalen i kjellaren på Tryggheim. Eg tykkjer dette er eit gildt minne frå barneåra.

Oppslutninga om møta har variert. Stundom har bedehuset vore fullsett veke etter veke, andre tider har flokken vore liten. Berre nokre få har kome til samlingane. I vekkingstider, som det har vore fleire av på Evje, har søknaden til møta vore stor.

Mellom dei tallause arrangementa som har gått av stabelen på Tryggheim, nemner eg bare eit par jubileumsfestar.

Hausten 1954 vedtok styret for Tryggheim å arrangere 50 årsfest den 12. desember 1954. Det lukkast ikkje å få sokneprest Olav Gautestad eller krinssekretær Haavard Birkeland som festtalar slik ein ynskte. Hans Chr. Lier som då var sekretær i Sørlandets Kristelige Ungdomsforening og som i desse åra fleire gonger gjesta Tryggheim, talte på festen. Astrid Høgetveit las prologen ho sjølv hadde skrive. Ifylgje referatet var ei stor forsamling med på jubileumsfesten for femti år sidan.

Jubileumsfestar har det gjerne vore kvart tiande år. Eg tek med referatet frå 70 årsfesten i 1974:

Søndag 17.11.1974 ønska festleiar Rolleiv Hauglid ei stor forsamling velkomen. Han gav eit kort historisk attarsyn. Elisabeth Leifsen las ein framifrå sjølvskriven prolog. Evje sangkamaratar deltok saman med Leif Solheim, som kom med ei kort, men svært god helsing.

Sokneprest Olav Gautestad talte.

Etter ein matpause med velsmakande smørbrød, kaffi og kakar var det høve til helsingar. Aasmund Nordbø var spesielt innbeden, det same var medlemene i kommunestyret. Nordbø var med då Ungdomsforeninga blei stifta, og han kom med ei helsing. Ordførar Gunnar Østerhus heldt ein god tale der hen peika på den store offerviljen for at Tryggheim skulle vere i god stand, og han ønskte til lukke med arbeidet i bedehuset og ungdomsforeninga.

Lovendringar[rediger]

Olav N. Lauvland (Ole N. Løvland) var den fyrste formannen i styret for Tryggheim med stasjonsmeister Aasmund Espeland som nestformann. Me gjer så eit sprang fram til 1948 og finn då i Møtebok for Tryggheim at i Ungdomsforeninga sitt årsmøte det året vart Olav O. Bjoraa d.y. vald til formann for bedehuset etter Gunnar Dovland som sa frå seg attval. Styret for Tryggheim vedtok 17. april 1948 å innkalle styret for Ungdomsforeninga saman med formennene i dei aktive misjonsforeiningane som brukte Tryggheim, til samrådingsmøte. Føremålet med møtet var spørsmålet om ein skulle revidere lovene for bedehuset. Innkalla vart:

  • Evje Kinamisjonsforening, form. Osmund Skjeggestad
  • Evje Blåkorsforening, form. Gunnar Nordbø
  • Torridals Fellesforening, form. Karl J. Nilsen
  • Norske Misjonsselskap, form. Peder Hegland
  • Evje Indremisjon, form. Torgeir Lund
  • Evje Kr. Ungdomsforening, form. Paul Haarr

Møtet vedtok å fornye lovane for huset ”då desse er frå 1902 – og svært uklåre”. Eit revisjonsforslag vart utarbeidd og godkjent, først i styret for bedehuset og så i eit ekstraordinært årsmøte 6. september 1950. Dei fire første paragrafane har fylgjande ordlyd:

§ 1

Bedehuset Tryggheim er reist av Evje Kr. U. ved hjelp av friviljuge gåvor av kristelig interesserte menn og kvinnor. Ungdomsforeninga eig og vedlikeheld huset.

§ 2

Tryggheim skal brukast til Guds rikes gjerning i Evje, ved oppbyggjingsmøter, festar, kvinneforeningar, basarar og lignende av alle kristelige organisasjonar på vår lutherske kyrkjes grunn.

§ 3

Styret for Tryggheim kan også leige burt huset til andre ting, som ikkje på noko vis kan skade kristelig verksemd.

§ 4

Bedehus-styret hev denne samansetning: Ungdomsforeningas styre og ein målsmann frå kvar av dei andre foreningar som arbeider aktivt i bygda, for tidi desse: Evje Blåkorsforening, Evje Kinamisjonsforening, Evje Misjonsforening (NMS), Vestlandske Indremisjon og Evje Indremisjon. Kvar forening vel sjølv ein målsmann for eit år av gongi, på sine årsmøte.

Under revisjonen av reglane for Tryggheim for Tryggheim i 1982 vart det vedteke at dersom ikkje Ungdomsforeninga lenger kan stå som eigar av huset, «skal det overførast til dei kristelege foreningane som driv kristeleg arbeid i Evje». Når det gjeld styresamansetninga, var det vedteke at styret for bedehuset skal vere samansett av fire representantar for Ungdomsforeninga og ein representant ”frå kvar av dei andre foreningane som driv aktivt på bedehuset, for tida Evje Blå Kors, Evje NMS, Evje Indremisjon og Evje misjonssamband. Seinare har også Indremisjonsforbundet igjen fått fast representant i bedehusstyret. Dessutan kom det inn i lovane fleire detaljar om bruken av huset og korleis ein skal finansiere drifta og vedlikehaldet.

Våren 2004 gjekk foreiningane for Misjonsselskapet, Normisjon, Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet inn som medeigarar i Tryggheim attåt Ungdomsforeninga. I 2006 trekte Misjonsselskapet og Normisjon seg ut av dette eigarskapet.

Ombygging og renovering av Tryggheim[rediger]

Våren 1955 vart kjellaren og kjøkkenet renovert. Tidleg på nyåret 1956 vedtok styret for Tryggheim å renovere storsalen, lillesalen og entreen. Inngangspartien til bedehuset vart vel også forandra på denne tida. Eit lån på kr. 10 000 blei tatt opp i Evje og Hornnes Sparebank. Denne moderniseringa fann stad i 1956.

Tidleg på 1960-talet begynte ein å planlegge ei større utviding av Tryggheim. Arkitekt Erling Bakke-Eidsaa fekk i oppdrag å kome med forslag til planløysing og å utarbeide teikningar. I 1969 blei det vald ei byggenemnd, samansett av Tor Berg, Paul Haarr, Ola Stokkeland, Gunnar Dovland og Agnes Robstad. Tor Berg blei vald til formann. Også ei finansnemnd vart nedsett.

Frå 1970 og i to, tre år framover vart Tryggeheim påbygd, ombygd, ominnreidd og renovert til den form og standard huset har i dag. Tida tillet ikkje at går i detaljar om det store arbeidet som vart gjort med Tryggheim for vel 30 år sidan. På 1980-talet vart hustaket renovert, også andre påkostnader fann då stad. Nå er Tryggheim igjen nedslitt og ein ny byggeperiode stend for døra.

Litt generelt om bedehuset i norsk historie[rediger]

I dag er visstnok mellom 2000 og 2500 bedehus spreidde rundt i Noreg. Men bedehusa er ikkje jamt fordelt utover landet. Det finst ein ”vekkingsgeografi” som set sit preg på plasseringa av bedehusa. I nokre strok av landet er avstanden lang mellom bedehusa, andre stader står dei unaturleg tett etter at bilismen og folkeflyttinga har forandra den gamle busetnadsstrukturen i samfunnet.

Bedehusa er ei frukt av dei store kristelege vekkingane som gjekk over landet på 1800- og 1900-talet. Behovet for eigne forsamlingshus der den kristne verksemda kunne føregå, voks fram som ei naturleg fylgje av at venneflokane i bygd og by vart større og mykje av den kristelege verksemda vart organisert i foreiningar og lag. Privathusa vart for små til denne verksemda. Og kyrkjehusa stod lenge stengde for andre samlingar enn offisielle samlingar kyrkja sjølv stod bak. Dei eldre kyrkjehusa eigna seg dessutan heller ikkje til denne type verksemd.

Brødrevennene hadde sine ”saler” til samlingsstad. Haugianarane heldt stort sett til i heimar med samlingane sine. Då Hans Nielsen Hauge fór over Agder i 1798 på veg til Bergen, var han innom brødrevennene på Lista. Møtesalen på Råstad som brødrevennene brukte, kalla Hauge Et aparte bedehus. Finn me her det fyrste bedehuset i landet vårt? Kristoffer Fjelde meiner det vart reist på Strand i Ryfylke på 1820-talet. Vanlegvis har historikarane rekna med at det fyrste bedehuset vart reist av haugianarar i 1840 i Hjelmelandsvågen i Ryfylke. Samlingshuset kalla dei det. Huset blei brukt både som omkledningsrom når folket skulle til kyrkje etter ein tur i båten og til møterom for dei haugianske samlingane. Namnet ”bedehus” blei visstnok fyrste gongen brukt om forsamlingshuset som i 1850 blei reist på grunnen til prestegarden i samband med Lammersvekkinga der i byen.

Mange har prøvd å latterleggjere bedehuset og det som gjeng føre seg der. Frå profankulturen og finkulturen si side er bedehuset i stor utstrekning blitt gjort til gjenstand for forakt eller ein har freista å teie det i hel. Denne trenden er heldigvis i ferd med å snu. På folkemuseet på Bygdøy står no det gamle bedehuset Betlehem frå Hinna. I Norges Kulturhistorie frå 1980 har professor Andreas Ropeid ein artikkel om Misjon og bedehus, og professor Olaf Aagedal ved Diakonhjemmets Sosialhøgskole har skrive doktoravhandling om Bedehusfolket, der han på ein sakleg måte føretek ein sosiologisk analyse av bedehuslivet i tre forskjellige kyrkjelydar. Ting tyder på at ein alt meir kjem til å innsjå kor mykje bedehuset har hatt å seie på det kristelege, kulturelle og samfunnsmessige området.

Men når det er sagt, må me ikkje gløyme at den viktigaste sida ved bedehusverksemda er forkynninga av Guds ord til omvending og fornying av truslivet. Misser me det perspektivet, manglar det mest vesentlege ved bedehusverksemda, og alt vert bare eit ytre skal. Difor ynskjer eg at tryggheim også i framtida må vere ein stad der Guds ord vert forkynt til frelse, helging og evig liv.

Foredrag på bedehusjubileet 2004