I Jesu navn skal all vår gjerning skje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

I Jesu navn skal all vår gjerning skje er ein artikkel av Erik Kjebekk. Den stod i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.

Misjonssambandets kvinneforeining på Evje hundre år

År 1900 vart foreining på Evje for Kinamisjonsforbundet, nå Misjonssambandet, starta på Høgetveit. I år 2000 vart hundreårsjubileet for den foreininga markert på Evje bedehus. I år kan Misjonssambandets kvinneforeining høgtide hundreårsjubileum. Det tyder at kvinnene sette i gang med eige foreiningsarbeid fem år etter at misjonsforeininga var starta. Den eldste protokollen tek først til å melde frå foreiningsarbeidet i1934. Anten har det ikkje vore nokon protokoll i kvinneforeininga tidlegare eller så har han kome bort. Men då kvinneforeninga runda 50 år med jubileumsfest 1. juni 1955, finn me eit Attersyn som gir interessante opplysningar om starten og arbeidet dei første åra. Eg tek med eit sitat frå Attersynet av Gunvor Gautestad som fortel korleis det heile starta, kven som var med og korleis dei arbeidde:

SitatEtter kvart var det nokre kvinner som kom på den tanken å få til ei kvinneforening, arbeide opp varer, så dei kunne ha basar, og på den måten få inntekt til misjonen. Våren 1905 tok dei til, berre 4—5 stykke til å begynne med, men dei kom trufast saman i arbeid og bøn.

Det var fru Mari Espeland som var formann den fyrste tida. Ho lever ennå og bur i Skien. Det var Gunhild Haugen, Ingrid Dovland, Jorand Høgetveit og eit par kvinner til som gjekk i gang. Dei kjøpte inn tøy og garn, gjekk rundt i bygda og fekk nokre til å arbeide med dette heime. Dei ville ikkje møte på forening, men arbeidet tok dei imot. Dei sydde skjorter, forklær, små kjolar, strikka strømper og vottar, og når det nærma seg den tid basaren skulle vere, gjekk desse rundt og samla det inn att.

Den fyrste basarkomiteen var Jorand Høgetveit, Ingrid Dovland, Olav Høgetveit og Olav Dovland. Det kom inn ca 130,- kr.

Det var våren 1906.
Sitat
– Attersynet

Slik tok det til. Sjølv om dette er skrive femti år seinare, er nok dette ei rett skildring av det som fann stad, for på det tidspunktet då det vart skrive, levde framleis fleire av dei som hadde vore med frå den fyrste tida. Dei kunne dermed kontrollere at det som står i attersynet, er rett.

Eg finn det her naturleg å gripe lenger attende i tid for å få tak i røtene til kvinneforeiningsarbeidet, også det kvinneforeiningsarbeidet som høyrer heime i Misjonssambandet.

I Jesus navn skal all vår gjerning skje

I 1837 flytta soknepresten Gabriel Kielland med huslyden frå Finnøy til Lyngdal der han hadde fått nytt prestekall. Under studietida i Christiania hadde Kielland kome i kontakt med brødrevenene i hovudstaden. Brødrevenene hadde eit klart misjonssyn. Av Nils Johannes Holm, forstandar for brødrevenforsamlinga i hovudstaden, fekk Kielland dei første misjonsimpulsane. Den tida Kielland var sokneprest i Finnøy arbeidde han aktivt for misjonen, sendte pengar til utanlandske misjonsselskap og var med i den første ytremisjonsforeininga i landet vårt, nemleg misjonsforeininga i Stavanger frå 1826. Gabriel Kielland arbeidde også for å få til eit misjonsselskap i Norge. Det skjedde i 1842 då Det Norske Misjonsselskap vart stifta.

Det var medan Gustava og Gabriel Kielland var prestefolk i Lyngdal at Gustava i 1840 vart «mor» til den første kvinneforeininga på landsbygda i Norge. Visse tilløp til organisering av kvinneforeiningar hadde det vore heilt sidan 1826, men det var først då etableringa av kvinneforeininga i Lyngdal blei kjent, at liknande foreiningar blei sette i gang fleire stader. I boka si Erindringer har Gustava Kielland fortalt frå livet i kvinneforeininga. Eg siterer nokre liner frå det ho skriv:

SitatStatuttene var ytterst få og simple. På den bestemte dag kunne enhver møte fram så snart hun ville, og arbeide så lenge som hun uten å forsømme sin uoppsettelige husgjerning, kunne og burde. Den lille misjonsbøsse fra Finnøy skulle da settes fram på bordet, og i den skulle enhver legge to skilling, om hun hadde lyst og evne dertil. Når sauen var klippet høst og vår skulle enhver medbringe en større eller mindre dott ull til møtet.

Statuttene utvidet seg da medlemmenes antall ble større, således ble det seinere bestemt at møtene, som i regelen skulle avholdes i prestegården, også imellom kunne holdes på andre gårder hvis en eller annen av medlemmene ønsket det.

Hvor så møtet var, bevertedes der med kaffe og smørbrød, og det var strengelig forbudt å traktere med andre eller finere matvarer. Hvert medlem skulle bringe sine arbeidsredskaper med til møtet.

Så begynte vi da, fem voksne og to eller tre av mine småpiker, vår misjons-arbeids-forening. Vi sang verset: ”I Jesu navn skal all vår gjerning skje”, og derpå tok vi raskt fatt på gjerningen med lyst og glede. Konene hadde brakt sine rokker og karder med, og snart var arbeidet i full gang. Å hvor morsomt vi syntes det var alle sammen.
Sitat
– Gustava Kielland

Og kvinnene som møtte fram til foreiningsmøta var så visst ikkje nokre hengehovude. Høyr kva Gustava skriv:

SitatMed inderlig glede minnes jeg disse sammenkomster, skriver fru Kielland. Ei hvor friskt, freidig og hjertelig det gikk til i dem! Rokkene surret, kardene raslet, strikkepinne og nål rørte seg raskt i de flittige hender, og tungene løp om kapp med dem. At de ikke løp i veien for arbeidet, passet jeg godt på. Livlig og utvunget lød den noe høyrøstede samtale sammen med rokkesurren, det kunne ikke nytte å tale med lav stemme i slikt bråk. Der taltes om hus og barn, arbeid og kreatur, sorg og glede. En og annen liten pussig begivenhet fra det daglige liv ble meddelt og hjertelig ledd av.----Sitat
– Gustava Kielland

Slik begynte den verksemda som i over 150 år har hatt så mykje å seie for misjonsarbeidet i Norge. Ideen fenga, fleire kvinnelag kom til. Og særleg frå 1870 og fram til hundreårsskiftet voks talet på kvinneforeiningar sterkt.

Desse foreiningane gav utløysing for ein lenge oppdemma verketrong mellom kvinnene og stimulerte med det interessefellesskapet omkring misjonen. Samstundes stetta kvinneforeiningane den naturlege trongen til sosiale samværsformer. I kvinneforeiningane vart det lese frå misjonsblada. Det gav utsyn over delar av ei elles ukjent og lukka verd for dei fleste, og horisonten vart med det monaleg utvida. Forfattaren Margarethe Gjør skildrar i boka si Misjonsbarnet frå 1892 den plassen misjonen har i tankane til ei husmor:

SitatMisjonstankene fulgte henne i hennes arbeid, de drog henne oppad og ut over det daglige strev, det materialistiske; de hevet henne over det som øyet så og hånden kunne føle på; de fylte hennes liv, så hun ikke strandet på de skjær, som så mange i små forhold støttet an mot, så de ikke maktet mer enn sitt eget. Misjonsinteressen holdt henne over vannet, den utvidet og oppvarmet hennes hjerte.Sitat
– Margarethe Giør

Den eldste kvinneforeninga i Evje og Hornnes

I 1864 stifta den gudfryktige, dyktige og høgt omtykte gardkona på bruket Lunnen på Fennefoss, Stina Fennefoss, den første kvinneforeininga i området her. Arne Ljosland skriv at det skjedde etter ei vekking ved Aasmund Tangvald som også var frå Hornnes. Nokre meinte at denne foreininga ikkje var lang tid laga. Så seint som i 1913 skreiv Stina Fennefoss ei helsing i Norsk Misjonstidende der ho fortalde om oppstarten og livet i foreininga. Eg siterer helsinga frå Stina Fennefoss:

SitatHer er aldrig skrevet noget fra Hornnes ældre kvindeforening. Jeg vil nu, da det stunder til min aften, sende en hilsen i al enfoldighed. Vor forening blev stiftet vinteren 1874 (her hugsar Stina feil, skal vere 1864); nogen sa: Dere kan nok begynde, men det vil aldrig vare ved i længden.

Vi havde en emissær den dagen, og han sa: Nu vil jeg si til far, som bor der oppe i himmelen: Lad denne forening staa, saalænge der er kristne kvinder i Hornnes! – Nu er her 39 (49) aar siden.

Den har gaat sin stille gang, basar har vi havt en gang om aaret 3die juledag, undtagen naar den har faldt paa søndag. Som regel har mindst det halve gaat til vor gamle mission, som altid er nummer een, den anden del av indtækten til indremissionens forskjellige grene. Vi begyndte med navnefortegnelse, men opgav det. Vi er glade, naar der kommer mange, men har dog holdt paa, om der har været faa.

Vi er saa glade, naar vi kan faa en emissær eller andre paa vore møder; ellers har vi i al enfoldighed begyndt og sluttet med et Guds ord og bedet sammen, læser av ”Missionstidende” imellem.

Vi er igjen to gamle kvinder, som har været i bestyrelsen fra den blev stiftet og til for 4 aar siden, da jeg blev syg. Jeg er nu saa gammel – 83 – saa en yngre er traadt i mit sted. Er dog saa glad, naar jeg kan være med enten det er i vort hus eller andre steder.

Herre vor Gud, kom os i hu, de unge med de gamle, giv os naade til at holde fast paa, hva vi har lært fra begyndelsen, og giv os en salig ende.

Saa vil vi si: Tak, tak at vi fik ogsaa være med, den gode gjerning du selv fuldføre, til vi står fri og frelst i evighed.
Sitat
– Stina Fennefoss

Slik skreiv den gamle heiderskronte kvinna i 1913.

Gløtt frå arbeidet i Misjonssambandet si kvinneforeining dei første femti åra.

Kvinneforeiningsrørsla hadde sterk vind i segla i siste halvpart av 1800-talet. Nokre kvinneforeiningar arbeidde for misjonen, andre for humanitære og sosiale føremål. På Evje fanst fleire kvinneforeiningar som arbeidde for misjonen i byrjinga av 1900-talet. Eg kan berre nemne at Åneland og Omland kvinneforeining som arbeider for NMS, går tilbake til 1891. Denne kvinneforeininga er framleis i beste velgåande og har årvisse basarar i skulehuset på Kleveland.

Misjonssambandet si kvinneforeining kom altså i gang i 1905. Anna Odde som åtte og dreiv Kaffistova saman med Gunhild Haugen, var formann i denne foreininga i over 30 år. I Attersynet til femtiårsfesten som altså er ført i pennen av Gunvor Gautestad, fortel Anna Odde mellom anna:

SitatFrå 1905 og framover nokre år var det nokså godt frammøte. Foreininga hadde sin årlege basar. Men så kom det ei tid då det frå enkelte truande kom kritikk mot basar. Dei trudde det var galt, og så slutta foreininga med dette. I staden tok me til å auksjonere bort varene våre. Men det gjekk heller dårleg. Foreiningsmedlemene måtte sjølv kjøpe att varene sine. Motet sokk, men me ville ikkje gje opp, for me trudde Gud ville finne ein utveg for oss til å fortsette. – Så kom gamle emissær Hjorteland til Evje att. Han sette nytt mot i oss. Han sa at me berre måtte halde fram med basar, og det gjorde me. Det gjekk i fleire år opp og ned, og det var heller smått mange gonger.Sitat
– Anna Odde i Attersynet

Gunvor Gautestad skriv også at vekkinga sist på 1920-talet førte til ein sterk vokster i talet på medlemer i kvinneforeininga. «Foreninga fekk ei blomstringstid som aldri før», skriv Gunvor og legg til: «Mange unge kom med i vekkelsen og i foreininga. Og sidan den gongen har kvinneforeninga gått jamt og godt framover til i dag.» Gunvor kan også opplyse at midt på 1950-talet var det om lag 16 – 18 aktive medlemer i foreiniga. Ei viss årelating fann stad då Krossen og Birkeland kvinneforeining, Vårbod, vart skipa tidleg på 1930-talet. Vårteikn kvinneforeining for Lauvland, Høgetveit og Rosseland, som gjekk inn på 1950-talet, starta også tidleg på 1930-talet.

Årsmeldinga for Misjonssambandet si foreining for 1929 nemner at det har vore vekking i bygda. Om predikanten, som stod i vekkinga, kom frå Kinamisjonsforbundet eller frå ein annan organisasjon, veit eg ikkje, for det står ikkje noko spesielt om det. Kan hende var det ein av Kinamisjonsforbundet sine emissærar, for det vert opplyst i årsmeldinga at foreininga i 1929 har hatt 45 møte, og det er langt fleire enn gjennomsnittet. I alle fall er det tydeleg at vekkinga resulterte i ein stor oppsving for Kinamisjonsforbundet sitt kvinneforeiningsarbeid.

I den eldste protokollen står medlemsliste over dei som var med i kvinneforeininga i 1934. Sidan fleire på bedehuset i dag kjente mange av dei som var med, les eg namna: Anna Odde, Gunhild Haugen, Åse Moe, Bertha Moe, Jorand Høgetveit, Hjørdis Moseid, Anna Gøthesen, Jorand Bjørgum, Elen Hynnekleiv, Anna Galteland, Benny Larsen, Astrid Dovland, Ingeborg Haarr, Asjer Lid, Gunhild Lid, Oline Gundersen, Gunhild Holte, Margit Langemyr, Torborg Nilssen, Birgitte Lund, Marie Lund, Ågot Ramse, Gunvor Gautestad og Marte Kjetså.

Kvinneforeininga har skrive referat frå dei fleste møta mellom 1934 og 1936 og likeeins frå dei fleste møta frå 1944 og fram til dags dato. Her står mykje interessant å lese. Eg hentar fram nokre døme som viser livet i foreininga til forskjellige tider.

25. juni 1934 hadde kvinneforeininga møte på Høgetveit. Det må i alle måtar ha vore eit gildt møte:

SitatMåndag 25. juni skulle me ha symøte på Høgetveit. Kvindeforeninga frå Krossen var innbedt, og riktig mange hadde funne vegen til Høgetveit den dagen. Det var strålande vær, og me sat ute i hagen med håndarbeidet mest heile flokken og arbeidde, slikka sol og kosa oss, song litt og prata saman. Høgetveit skulle halde andakt, men fyrst fekk me kaffi, og alle saman såg ut som det smakte godt. Så tala han over bibelordet: «En bolig har du vært oss fra slekt og til slekt», og tala um korleis Gud hadde ført fram til i dag. Og den same Gud kan me vende oss til i dag med alt som møter oss på vår veg. Ein stille fred kvilde over alt, fuglane slo sine triller og me takka sikkert Gud kvar ein fordi at me og fekk lov å ha ein slik «bolig» å gå til, og som me tilslutt skal få flytte til for ævelegt å vera saman. Men tida gjekk fort, snart måtte me ta på heimveg att, og så drog me kvar til sitt, takksame for ein gild dag.Sitat
– Frå foreninga sin protokoll

På nyåret 1945 var det kvinneforeiningsmøte hos Asborg Omland. I referatet står at «me var samla 12 stk. Det var valg av ny formann. Ingeborg Haarr vart valgt til formann etter Gunvor Gautestad.» Og så fortel Bertha Sveindal som har skrive referatet at dei las frå Bibelen om Daniel som blei kasta i løvehola. Ho opplyser også at i misjonsbøssa var det kome inn kr. 381, 70. Og møtet slutta kl 6 (1800).

Kvinneforeininga sin femtiårsfest gjekk av stabelen 1. juni 1955. Misjonær Einar Barnes og Andreas Nordli var talarar. Misjonær Anna Høgetveit som var på heimeopphald nett då, fortalde frå arbeidet i Etiopia. Astrid Høgetveit las opp ein prolog ho hadde skrive sjølv, og Gitte Værland (seinare Gitte Aunevik) song. «Det var eit godt og gjevande samvær, som gav kveik i arbeidet», heiter det i referatet.

Same sommaren hadde kvinneforeininga tur til Mosby. Gunvor Gautestad sitt referat frå turen tek eg med her:

SitatOnsdag 28. juli 1955 hadde kvinnefore4ninga tur til Mosby til Astri Larsen. Me reiste med morgontoget, og på stasjonen vart me ønska velkomen av Jorand og Astrid Høgetveit, som var møtt fram med bil for dei som ikkje var så serleg gode til å gå. Me var glad for å få bile me eldre, for det var ein nokså tung bakke opp til huset. Der stod fru Larsen og fru Gøthesen og baud oss velkomen.

Me hadde eit par koselige timar saman før middag med samtale og arbeid. Det var gildt å samlast slik med trussysken, det gjev ny kveik til arbeid, og ny styrke på vegen. Så fekk me deilig lapskaus og fruktgrøt til middag som smakte herleg. Seinare på ettermiddagen drakk me kaffi i hagen. Der sat me med arbeida våre og riktig fryda oss i den herlege sumardagen. Klokka fem tok me bussen til byen og var rundt og besåg alt på Riksmessa. Me tok nattoget heim.

Det var ein nokså trøytt og sliten flokk som samlast på stasjonen etter ein lang og gild dag.
Sitat
– Frå foreninga sin protokoll

Gløtt frå arbeidet dei siste femti åra

Oppslutningen om kvinneforeininga har variert gjennom åra. På 1960- og 1970-talet ser det ut til at flokken var noko mindre enn tidlegare. Nokre flytta frå bygda. Me har just sett at tidlegare medlemer flytta til Mosby. Dessutan var det ei vekkingsfattig tid. Få om nokon nye kom med i arbeidet. Men det var ei trufast gruppe som stod på år etter år. Det første møtet i 1966 vart halde hos Elen Hynnekleiv. I referat frå møtet skriv Ingeborg Haarr:

SitatMe var 11 stykke samla. Me sydde, strikka og kosa oss. So fekk me deilig mat og kaffe. Olav Hynnekleiv heldt andakt for oss og song ein song. Det er so koseleg so lenge me har dei eldre blant oss. Det var spørsmål frå hovudstyret om kvar medlem ville gje 5 kr. pr mnd i ekstragåve i 1966 til misjonen. Det var delte meiningar om dette, men me ville vera med, men la det vera meir frivillig. Til misjonen den dagen kom inn kr. 26,-.Sitat
– Frå foreninga sin protokoll

Elles fekk kvinneforeininga inn kr. 2058,- på basaren i 1966.

Vekkinga i 1979/80 vart naturleg nok ein kveik også for arbeidet i kvinneforeininga. I september 1981 var foreiningsmøtet på Åmland hos Torhild. Då var 20 kvinner samla. Vanlegvis var dei sjeldan eller aldri så mange samla. I referatet står det at det var det fyrste møtet hos Torhild. Mange var nok då også litt nyfikne etter å sjå korleis Torhild, som hadde vore byfrue i nokre år, hadde fått det som gardkone på Åmland. I februar 1983 hadde kvinneforeninga årsmøtet hos Torhild. Då gjekk Anny Tørresen av som formann og Gerd Røed tok over. Anny hadde då vore formann i 29 år, sidan 1954. Gerd er framleis formann. I september same året inviterte kvinneforeininga Misjonssambandets kvinneforeining på Flekkerøya til samankomst på Evjetun. I referatet frå den samankomsten skriv Ingeborg Haarr:

SitatMøte på Evjetun med besøk av kvinneforeninga frå Flekkerøya. Me var vel 40 i alt. Gerd Røed ønska oss alle velkomen. So opna Evelyn Kleggetveit med andakt. Der var nydeleg pynta på borda, og det smaka godt med smørbrød og kaker som Evje kvinneforening hadde med seg. Flekkerøya var gjester. Det var fin sang av Kirsti Berge. Det var og vitnesbyrd. Gudrun Hagen som er på Evjetun, talte. Tone Høgetveit var heime på ferie frå misjonsmarka, ho viste fine lysbilde og fortalde frå arbeidet i Etiopia. Det var ein gild og god kveld me hadde. Måtte me vere villige og glade for å vera med. I kollekt kr. 1257,-.Sitat
– Frå foreninga sin protokoll

Oppslutninga om foreiningsmøta på 1980-og 1990-talet varierte. Gjennomsnittleg møtte nok om lag femten kvinner fram på møta på 1980-talet. På 1990-talet og fram til dags dato har vel gjennomsnittet gått ned til om lag 10 til 12 kvinner på møta. I 2002 står desse oppførte som medlemer i kvinneforeininga: Gerd Røed, Torhild Omland, Anny Tørresen, Gudny Gautestad, Berit Aas, Therese Norheim, Reidun Høgetveit, Annemor Nikolaysen, Gudrun Galteland, Edith Åvitsland, Solveig Jortveit, Gudrun Vaagsdalen og Birgit Spikkeland.

Talet på aktive i kvinneforeininga har altså gått tilbake i dei siste 10 til 15 åra. Nokre som naturleg ville ha vore med i kvinneforeininga, er med i støtteforeininga for barnelaget Blåveisen. Denne støtteforeininga kom i gang tidleg på 1980-talet. Nokre er med både i kvinneforeiniga og i støtteforeininga. Men elles merkar nok Misjonssambandets kvinneforeining på Evje at me i fleire år no har vore inne i ein trend der det er vanskeleg å få folk med i frivillige lag og foreiningar. Både kvinner og menn tykkjest vere lite lystne på å vere med i eit forpliktande foreiningsarbeid.

Alle menneske må få høyre evangeliet om Jesus

Arne Ljosland har slått saman bruttoinntektene i nokre femårsbolkar fram til 1980-talet, eg har så fylt ut med ein femårsbolk på 1990-talet og dei fyrste fem åra av 2000. Då er det ikkje teke omsyn til kroneverdien. Likevel gjev pengesummane eit visst inntrykk av arbeidet. 1924 – 1928 kr.977,-; 1937 – 1941 kr. 2021,-; 1950 – 1954 kr.6236,-; 1960 – 1964 kr. 11578,-; 1970 – 1974 kr. 31179,-; 1980 – 1984 kr 112 569,-; 1990 – 1994 kr. 216 623,- og 2000 – 2004 kr. 264 241,-.

Kvinneforeininga har samla inn mange pengar til misjonen både gjennom basarane og gjennom kollekta på møta. Dessutan bør det nemnast at medlemene i kvinneforeininga på ulike måtar gjer ein stor innsats for få gjennomført den årvisse julemessa på Rysstad. I Fast Grunn nr. 4 1959 skriv Kari Sandvik ein artikkel om dei kristne kvinneforeiningane. Her skriv ho mellom anna:

SitatKvinnelagene har en dobbelt oppgave:

Den arbeidsgren vi samles om, skal hjelpes frem ved forbønn og penger. Tenker vi på alle de oppfordringer vi har i Bibelen til bønn og forbønn, er det klart at det er et virksomt hjelpemiddel. Og penger må der til om arbeidet skal kunne drives. Jo mer hjertene brenner for saken, jo mer ivrige og oppfinnsomme blir vi til å skaffe midler til veie. Og hvorledes ville vel stillingen være for misjonsarbeidet i dag uten kvinneforeningene?

Samværene skal alltid være en åndelig berikelse og hjelp for medlemmene, ved at vi deler Guds ord med hverandre, samtaler om åndelige ting, får høre nytt fra arbeidsfeltet, synger, ber og oppmuntrer hverandre. Her pleies det hellige samfunn.
Sitat
– Kari Sandvik

Kvinnene gjer ein innsats i misjonen som det verkeleg står respekt av. Det er tilfelle på Evje og mange andre stader i landet vårt. I ein oversikt over arbeidet som vart skriven til 90 års jubileet heiter det: «Vi er en liten del av en stor sammenheng, der målet er at ALLE mennesker må får høre om Jesus Kristus.» Det er ei rett sjøvforståing: ein liten del av ein stor samanheng. Men om delen er liten, så er han likevel så viktig, så veldig viktig! Og så er målet så viktig, at ALLE menneske må få høyre om Jesus, han som vil at alle skal verte frelste.

Foredrag på hundreårsfesten 2005