Påskehelg på Lauvland i gamle dagar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Påskehelg på Lauvland i gamle dagar er eit intervju som Erik Kjebekk hadde med Anna Løvland i 1993. Det står i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.

Påskehelg på Lauvland i gamle dagar

Ho har levd eit langt liv, Anna Løvland frå Lauvland i Evje. Anna er født i 1898 og har såleis mest heile dette hundreåret levd med i soga til folket vårt. Så å seie heile livet har ho budd på Lauvland. I nokre år no har ho vore på Gamleheimen på Hornnes.

Sjølv om alderen er høg, så minnest ho godt attende, heilt til barneåra. Med klår tanke fortel ho om personar ho har møtt og hendingar ho har vore med på. Eg har berre litt kunnskap om dette gjennom bøker og blad.

Møte med kjente personar

Så sit eg på romet til Anna. Det er straks påske, og eg ynskjer å få Anna til å fortelje om denne høgtida slik ho hugsar henne frå ungdomsåra. Men med det etternamnet Anna har, må eg fyrst høyre om ho er i slekt med statsminister Jørgen Løvland. Alle i Evje, ja alle folk i dalen, vil eg tru, er stolte av at den store statsmannen kom frå Lauvland.

-Ja, me var i slekt, seier Anna. – Bestefar min, Ola N. Løvland, som i mange år var lærar mellom anna på Rosseland skule, var syskenbarn til statsministeren. Bestefar var ti år eldre enn Jørgen. Eg hugsar at når han var heime på Lauvland, kom han på besøk til oss. Ein gong hadde me bede han til middag. Du kan tru eg og mor som skulle lage til maten, var nervøse då. Men det gjekk greit. Han var så uvand. Og det var så gildt å prate med han. Du veit me hadde stor vørdnad for han, legg Anna til.

I sine unge år møtte Anna ein annan kjent person frå noregssoga, nemleg folkehøgskulestyrar Lars Eskeland, farbror til Ivar Eskeland som me ofte høyrer på riksnettet.

- Eg var elev ved Voss folkehøgskule i 1921, fortel Anna. – Der var Lars Eskeland styrar. Eg minnest at han var svært flink til å halde foredrag. I timane midt i veka tok han føre seg forskjellige emne frå soga og bokheimen. Sundag føremiddag heldt han bibelforedrag. Jau, han var ein stor mann Lars Eskeland.

Lars Eskeland styrte Voss folkehøgskule 1895-1927. Han var ein føregangsmann i den grundtvigianske folkehøgskulerørsla og i målreisingsarbeidet. Det vekte stor oppsikt då Lars Eskeland i 1925 konverterte til Den katolske kyrkja. Då måtte han seie frå seg styrarstillinga ved folkehøgskulen, elles ville skulen miste statstilskot.

Påskegjester

Men no må eg endeleg kome til det eg eigentleg er ute etter, å få Anna til å fortelje litt frå påskehøgtida heime på Lauvland då ho var ung.

- Tradisjonane kring påskehøgtida var ikkje så mange og faste som i jula, seier Anna. – Men du veit at før påske måtte me førebu oss til påskehelga. Me måtte sørge for at det var rikeleg med mat i hus. Det medførte at me måtte til Evje og handle nokre dagar før påske. Då sela far ut hesten, og så bar det i veg bakpå sluffa.

På Lauvland hadde dei i mellomkrigstida i mange år påsketuristar. Ein stor familie på ni-ti personar budde då i heimen til Anna. Dei kom med Setesdalsbanen til Evje stasjon. Der stod far til Anna, Asbjørn, med hest og sluffe for å køyre dei til Lauvland. Om dagane var dei ute på ski. For byfolk med ein stor barneflokk måtte det ha vore ein god rekreasjon å puste inn den friske lufta frå skog og hei.

Turistane var på Lauvland til andre påskedag. Då køyrde Asbjørn dei ned att til stasjonen. Og så bar det med banen attende til byen.

Påskegjestene hadde full pensjon medan dei var på Lauvland. Påska vart difor ei travel tid for Anna og mor hennar Stina. Anna fortel at når påska var over, tok ho og mora seg gjerne ein skitur over til Åmland, til bruket Bjønnekra, for å prate med gode vener der.

Postillelesing

I heimen til Anna hadde påska sitt eigentlege innhald stor plass. På føremiddagen både skjærtorsdag og langfredag var heile huslyden på tre generasjonar samla i stova medan bestefar til Anna, så lenge han levde, las frå huspostillen av Martin Luther. – Det kunne vare svært lenge, fortel Anna. – Det var lett å falle i andre tankar. Eg ynskte nok stundom at preikene til Luther hadde vore noko kortare.

I heimen på Lauvland hadde dei forresten dagleg morgonandakt, og på sundagar og helgedagar elles vart det alltid lese frå huspostillen når dei ikkje fór til kyrkja.

Til høgmesse på fyrste påskedag

Fyrste påskedag var kyrkjedag. Då drog dei til kyrkja, godt nedpakka i sluffa med hesten spent framfor. Dombjølla var festa til hesteselen. – Eg minnest kor fint det lydde når hesten dilta og sprang nedetter bakkane frå Lauvland, seier Anna.

Medan dei var på høgmessa, stod hesten og åt høy, bunden til eit tre utanfor kyrkjegarden. Etter gudstenesta vart dei alltid ståande ei stund på kyrkjebakken og tale med skyldfolk og kjenningar. Så bar det på heimveg. – Det var eit syn verdt, fortel Anna, - når dei mange hesteskyssane etter kvarandre drog heim frå kyrkja. Stundom kunne opptil tjuefem hestar vere i fylgje.

Stovemøte

Ikkje langt frå Lauvland ligg Høgetveit. Her budde Olav Høgetveit. Han hadde i år 1900 skipa foreining for det radikale Kinamisjonsforbundet i Evje. Anna fortel at besteforeldra hennar høyrde til «gamlemisjonen» som Det Norske Misjonsselskap på den tida ofte blei kalla. Men foreldra heldt seg meir til dei på Høgetveit.

Olav Høgetveit fór kring i gardane og heldt møte. I påska var det som regel møte på Høgetveit eller Lauvland. – Det var Olav som styrde med desse møta, seier Anna. – Stundom kom han aleine, andre gonger hadde han ein utanbygds emissær med seg. Eg hugsar at Tarjei Trydal og Tallak Hoslemo – båe frå Bykle – hadde påskemøte på Lauvland. Tallak hadde alltid med hardingfela. Til mjuke og vene folketonar som han «trylla» fram på fela, song han gamle salmar og åndelege viser av nyare dato. Det skapte høgtid i stova og fekk oss til å tenkje på det som er påska sitt eigentlege innhald, minnest Anna.

For det er bodskapen om Jesu liding, død og oppstode som er det viktigaste for Anna. At folk kjenner trong til å kome ut i Guds frie natur, har ho forståing for. Men ei feiring utan påskebodskapen vert fattig når alt kjem til alt.

Intervju frå 1993