Gløtt frå forkynnarverksemda til honndølen Johannes Daasvand

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Gløtt frå forkynnarverksemda til honndølen Johannes Daasvand er ein artikkel av Erik Kjebekk frå 1993. Den vart publisert i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.

Gløtt frå forkynnarverksemda til honndølen Johannes Daasvand[rediger]

Johannes Daasvand og Kinamisjonsforbundet[rediger]

Hornnes vart det skipa lag for Det norske lutherske Kinamisjonsforbund i 1905 etter ei vekking ved emissær Andreas Nebdal frå Kvås. Mange av dei som var med i den unge organisasjonen, var radikale, sjølvstendige og ikkje så lite kritiske til mykje av prestane si forkynning. Difor var det ei skeptisk haldning hos mange aktive kristne til Kinamisjonsforbundet og den djerve forkynninga som prega mange av emissærane i denne organisasjonen.

Johannes Daasvand frå VollenØvre Dåsvatn vart ein kristen i vekkinga Andreas Nebdal hadde i Hornnes. Det synte seg snart at Johannes hadde leiareigenskapar. Han vart difor sett til formann i det nyskipa laget. Dette vervet varte berre ei kort stund, for Nebdal forstod at Johannes også hadde gåve til å forkynne. Difor varsla han krinsstyra for Kinamisjonsforbundet både i Kristiansand og Stavanger om ungguten frå Hornnes. Krinsstyret i Kristiansand ville høyre han tale før dei tilsette han. Under haustmøtet i bedehuset i Kristiansand vart han beden om å halde ein morgonandakt. Han valde då ei tekst som han ikkje fekk noko særleg ut av. Styret sa då til Nebdal at han kunne take han med til Stavanger. Fyrst mange år seinare då Johannes Daasvand var blitt ein landskjent forkynnar, fekk han vite av krinsformann Jørgen Hagen at han ikkje hadde kome gjennom nålauget i Kristiansand. Då lo dei godt båe.

I mange år virka Johannes Daasvand no som forkynnar og bibellærar særleg i Stavanger og Trondheim. Men leiinga i Kinamisjonsforbundet brukte han også kring i heile landet. Og det er ikkje for mykje sagt at han blei sett på som ein av dei dyktigaste forkynnarane Kinamisjonsforbundet hadde i fyrste halvdel av 1900-talet.

I dette vesle stykket om Johannes Daasvand tek eg berre nokre hendingar frå Bykle og Hornnes.

Vigslinga av bedehuset i Bykle[rediger]

I 1931 busette Johannes Daasvand seg med huslyden sin på Mønnesland ved Mandal der dei hadde kjøpt gard. No vart han meir knytta til heimekrinsen. Mange gledde seg over det.

Knut Rettedal som var den fyrste krinssekretæren for Kinamisjonsforbundet på Agder, har i Kineseren nr. 28 1931 (dette bladet heiter frå 1937 Utsyn) fortalt om ein interessant tur han hadde opp Setesdal saman med misjonær Olav Espegren og Johannes Daasvand då Byklum bedehus vart vigsla. Krinsformannen i Indremisjonen skulle også ha vore med på turen, men han vart forhindra. Eg tek med nokre avsnitt frå artikkelen til Rettedal.

Med Daasvands bil startet vi ved 12-tiden med Lauvdal som mål fredag kveld. Vi stanset noen timer på Hornnes hos Lars Ljosland og mettet oss på fin fjellaure, lefse og ”rjome” og meget annet godt. Det smaker så underlig godt i slike gilde heimer hos troende venner. Så kjørte vi videre til et lignende hjem hos Aasmund Lauvdal, en av emissærene i Agder krets. Vi skulle ha møte i bedehuset der om kvelden. Folk kom i bil fra Landeskogen og fra Bygland og fylte huset. Vi fikk en velsignet stund om ordet. Der var visst hungrige hjerter, for det var så lett å tale.

Lørdag morgen bar det videre op dalen, og vi fikk den glede å ha Lauvdal og frue med i følge. Det er «so hugnaleg» å ha kjentmann med når en kjører gjennom Norges norskeste dalføre med en rikdom av historiske steder og nedervde sagn. Men å ta med noe av dette nu vil føre for langt. Vi kom til Bykle i god tid før kveldsmøtet, og vi ble innkvartert hos kommunens forrige ordfører, Knut Vatnedal

En time før møtetiden stod folk i flokker ved bedehuset. Og det var helt fullt da om lørdagskvelden. Hvordan ville det så bli søndag ved innvielsen?

Søndag rant med strålende fint vær. Og folk kom gående, syklende, bilende. Like fra Reddal ved Grimstad og Åseral og ellers nedover dalen fra flere sogn.

Vi måtte selvfølgelig dele oss. Både kirken og bedehuset var fylt. I bedehuset åpnet bedehusstyrets formann, emissær Trydal, møtet med bønn. Han ønsket folket velkommen og redegjorde for husets stilling. Det stod så å si ferdig med 250 kr. i gjeld. Og han trodde dette viste kjærlighet og offervilje for saken, særlig når en husket de økonomiske kår i bygden for tiden. Han frembar en hjertelig takk til alle som har rakt ut sin hånd til hjelp.

Espegren holdt innvielsestalen over dagens evangelium. Enkelt, klart, praktisk blev tekstens ord tolket for oss. Så blev huset innviet i Faderens, Sønnens og Den Helligånds navn mens forsamlingen sang: «Guds ord det er vårt arvegods». Undertegnede sluttet så møtet.

Etterm. samledes vi utenfor bedehuset. Daasvand sa: «Jeg vil aldri glemme synet av denne forsamling». Det var visst ikke bare de maleriske nasjonaldrakter som var et slikt minneverdig syn, skjønt også det er vakkert og særlig betagende første gang en møter en slik forsamling. Men der var noe så åpent, rent og naturlig hos folket oppi dalen, en opmerksomhet og mottagelse av ordet, som en ikke finner andre steder.

Denne skildringen av Knut Rettedal viser tydelig at turen til Bykle i samband med vigslinga av bedehuset der må ha gjort eit sterkt inntrykk på han og Johannes Daasvand.

Vekkinga i Hornnes i 1934-35[rediger]

Johannes Daasvand var blitt spurt fleire gonger om å kome til Hornnes og halde møte. Men han fann ikkje tida inne før i 1934. Då vart det i august arrangert eit stemne på Ytre Dåsvatn med Johannes som talar. Ein buss fullasta av folk frå Mandal som hadde kome med i ei vekking der eit par år i førevegen, var med på stemnet. Dette var opptakten til det årvisse Dåsvandsstemnet som blei arrangert heilt fram til slutten av 1980-talet.

Seinare på hausten 1934 kom Johannes Daasvand attende til Hornnes. Gyro Ljosland hugsar møta med Daasvand godt. Ho var då tenestejente i heimen til Ingrid og Lars Ljosland der Johannes budde. Ingrid og Johannes var kjende frå barneåra. Lars var fødd og oppvaksen i Åseral. Derifrå kom også farsætta til Johannes. Gyro hugsar at Johannes og Lars kunne ha moro med gamle uttrykk og stubbar frå Åseral. Elles opplevde nok mange Johannes Daasvand som ein streng og prinsippfast mann.

Etter ei tid blei bedehuset for lite til møtelokale. Dei fekk då bruke kyrkja og gymnastikksalen på gymnaset. Gyro hugsar at gymnastikksalen var stuvande full av folk. Ein lastebil køyrde kvar kveld utetter Dåsvandsdalen og tok med folk som ville til møte. Om sjølve møte fortel Gyro:

- Johannes leidde sjølv møta. Han meinte det var best so. Men han fekk ofte ein til opne møtet. Stundom spurte han eit par i forsamlinga om å opne med bøn. Han brukte lite songkrefter utanfrå. Johannes hadde sjølv ei vakker songrøyst og han song ofte fleire songar og salmar i møtet. Han var særleg glad i Brorson sine salmar. Fleire av dei song han til mjuke folkemelodiar som rørte ved hjarterøtene. Og forsamlingssongen var sterk.

- Under dei vanlege kveldsmøta la han vekt på å vekke folk opp til omvending. Men han var ingen svovelpreikar. Han tala klårt og greit, og kort og konsist, lange preiker hadde han lita tru på. Mot slutten av oppfordra han dei som ville overgje seg til Gud om å stanse igjen når dei andre gjekk. Fleire oppsøkte han også der han budde.

- Då vekkinga hadde vart ei tid, gjekk han over til å veksle mellom å ha eit møte bedehuset og det neste på gymnaset. På bedehuset heldt han veldisponerte bibeltimar. Her hadde han også bønemøte. Desse samværa var særleg for dei nyomvendte. Han såg det som svært viktig at dei nye på vegen fekk innføring i Guds ord. Også søkande kom til desse samværa. Eg gav meg over til Gud på eit slikt møte, seier Gyro og legg til:

- Me som var til stades på møta, opplevde ei sterk åndsmakt. I forsamlinga var det alltid stille og det låg eit heilagt alvor over Daasvand og oss alle. Mange kom med i vekkinga, unge og eldre og mange ektepar i sine beste år valde å fylgje Kristus. Og vekkinga fekk mykje å seie for kristenlivet i Hornnes i åra framover.

I 1943 fekk Daasvand ansvaret for bibelkursa som då blei sette i gang på Drottningborg. Der var han til 1947 då han og kona Othelia kjøpte seg hus på Strai. Han døydde i heimen i 1955. Johannes og Othelia er gravlagde på Oddernes kyrkjegard

Skrive i 1996.