Landsverkplassen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Landsverkplassen i dag. Dei gamle husa låg i skogen bak desse bygningane. Bare murane er att.
Foto: Geir Daasvatn
Landsverkplassen var ein husmannsplass mellom gardane Haugen og Landsverk (Landsverk, nordre) i Evje, ikkje langt frå Flåt nikkelgruve. I folketeljinga frå 1865 er han nemnd som plass for «alle Brug på Haugen». Seinare kom plassen under bruket «Der Nord» på Haugen. Hausten 1904 blei han frikjøpt av Peder August Johanson. Plassen fekk då namnet Rosendal. Frå 1951 eigde Karl Hornnes bruket.
Husmannen i 1865 var Knud Christophersen Haugen frå Evje. Kona var Uvild Hansdotter Aas frå Hornnes. Dei har mange etterkomarar i Evje og Hornnes og andre stader i verda.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 161
- Jens Frigstad, Soga om Anne og Guro frå Landsverksplassen, artikkel i Arnstein 2015, side 8-16
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, 1956, side 225