Landnåmsgardane i Iveland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Austre Hodne i Iveland på andre sida av Otra, og Vestre Hodne i Hornnes nærast. Austre Hodne kan vere den eldste garden i Iveland.

Landnåmsgardane i Iveland er ei liste over det ein trur var dei opphavelege, primære gardane i Iveland. Desse gardane dekka etter kvart all jord i området. Alle gardar som seinare kom til, måtte då vere utskilde frå desse første «sentrumsgardane». Lista er laga av bygdebokskrivaren Aslak Fjermedal, og teken inn i den ålmenne kultursoga for Iveland.

« - Når landnåmsmannen stansa på ein stad der det var høveleg å slå seg til, so bygde han hus og eigna til seg jorda rundt ikring. Truleg tok han då den jord som naturleg høyrde til, eller som strekte seg frå «hei til hei». Landnåmsgarden låg gjerne i ein dal eller med eit vatn, og yttergrensene for garden hans kom då til å fylgje heiedraga. Garden kom til å lage ei grei samanhangande landvidd, og ofte ein firkant. Det vart ein gard mellom dei 4 endestavane, med strengbeine bytte frå endestav til endestav», skriv Fjermedal i kultursoga.

Fjermedal har kome fram til at det er 19 landnåmsgardar i Iveland. Han meiner dette landnåmet stort sett fall i folkevandringstida (ca. år 400-570 e.Kr.). Kanskje kan det vere unntak for Horne og Skaiå, som kan vere noko eldre gardar.

Etter arkeologiske utgravingar på Moi i Bygland i 2007 er det dokumentert kontinuerleg busetjing i Setesdal heilt tilbake til yngre bronsealder (780-410 f.Kr.)[1]. Ut i frå denne nye kunnskapen om den forhistoriske busetjinga i Setesdal, er det nok ikkje usannsynleg at ein med tida vil kome fram til at den første faste busetnaden i Iveland også er eldre enn det ein tidlegare trudde.

Landnåmsgardane[rediger]

Eieland.
Foto: Geir Daasvatn
Landås.
Foto: Geir Daasvatn

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Gaute Reitan, Moi i Bygland - Fra yngre bronsealder til høymiddelalder på sju uker, artikkel i Spor i Setesdalsjord, 2014, side 71 flg.