Ivedal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nokre av husa på garden.

Ivedal er ein gard (gnr. 5) i austhallet av Frøysådalen i Iveland. Fylkesveg 293 som går austover til Vatnestrøm startar ved Ivedal.

Namnet[rediger]

Elva som renn inn i Birketveittjønna frå nord heitte frå gamalt av Langsima. Vidare sørover frå Birketveittjønna var namnet truleg Iva (Ifa), sjølv om ho idag heiter Frøysåna. Når det då låg to gardar langs elva med Iva- som førsteledd, Iveland og Ivedal, måtte gardsnamna naturleg kome av elvenamnet, skriv Aslak Fjermedal i gards- og ættesoga for Iveland.

Historie[rediger]

Ein reknar med at Ivedal-garden kom til i folkevandringstida. Det finst fleire gravhaugar på garden som peiker mot høg alder. Det kan også vere restar av ei bygdeborg på garden. Han er ein av opphavsgardane i Iveland. Garden strakk seg opphaveleg tvers over dalen langs grensa mot Frøyså i sør og passeleg langt mot nord. I aust var toppen av heiedraget ei naturleg grense, og størstedelen av heieviddene vestover mot Otra høyrde med. I vikingtida blei Rossås skild frå, og blei eigen gard.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...

.