Frøyså

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gardsbruket «Der Aust» på Frøyså.

Frøyså er ein gard (gnr. 6) i Iveland. Han ligg lunt nede i dalbotnen, langs Fylkesveg 403 (Ivelandsveien), ca fire kilometer sør for kommunesenteret Birketveit. Gjennom garden renn Frøysåna. På Frøyså ligg idrettsanlegget i Iveland.

Historie[rediger]

Frøyså er ein av landnåmsgardane i Iveland. Landnåmet strekte seg då naturleg frå heiedraget i aust, over dalbotnen og til Otra i vest. I nord var grensa avgjort med Ivedal, og i sør kanskje med Skaiå. På Knapen ligg det truleg ei bygdeborg, og det er fleire gravhaugar på garden. Garden er frå folkevandringstida, om han ikkje er endå eldre. Seinare kom det så sekundære gardar som Øyna, Tveit, Dalane og Bakken på den opphavelege Frøyså-garden sin grunn.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]