Aslak Fjermedal (1891-1969)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Aslak Fjermedal (1891-1969)
Født: 15. september 1891
Død: 12. mai 1969 (77 år)

Aslak Fjermedal (fødd 1891, død 1969) var bonde på Nedre Fjermedal, lærar, museumsmann og bygdebokforfattar i Iveland. Han var ordførar i Iveland 1943–1945.

Aslak Fjermedal tok lærareksamen i 1913 og examen artium i 1918. Han var lærar i folke-, framhalds- og folkehøgskulen til 1942. Han har skrive gards- og ættesoga for Iveland (utgjeve 1955) og to band med ålmenn kultursoge (utgjeve 1962 og 1969).

Iveland og Vegusdal bygdemuseum var opprinneleg eit privat gardsmuseum som Aslak Fjermedal etablerte på garden sin. Heilt frå han var ung, reiste han rundt og samla inn gamle ting. Noko fekk han, og noko kjøpte han på auksjonar. I 1967 sette han opp første delen av eit utstillingsbygg. Han fekk også flytta til to gamle hus. I 1974, fem år etter at Aslak døydde, gav familien museet og ei 10 mål stor tomt til Iveland og Vegusdal museumslag, som no eig anlegget.

Kjelder