Skisland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skisland med Skislandsåsen bustadfelt. Otra i framgrunnen.
Otra forbi Skisland.

Skisland er ein gard (gnr. 14) og ei lita grend sør-vest i Iveland, på austsida av Otra, med Røyknes i Vennesla tvers over på andre sida av elva. Heile vestgrensa til garden er mot Otra, i en lengde på ca åtte kilometer. Mykje av denne strekninga er fossar og stryk frå naturen si side. Men etter at Nomelandsdammen blei bygd først på 1920-talet, blei det stilleståande vatn ein kilometer eller så nordover frå dammen. I sør er Beiehølen dam bygd for å samle opp vatn til Steinsfoss kraftverk. Strekninga frå dammen og nordover til Røyknesfjorden har difor også nærpå fått same kotehøgde.

PÅ Skisland ligg Skislandsåsen bustadfelt med mange nye bustadar.

Historie[rediger]

Lokalhistorikaren Aslak Fjermedal vil helst tru at garden går tilbake til folkevandringstida. Etter Svartedauden (ca 1349-1350) blei han liggande øyde. Ennå fram til midten av 1500-talet var det ikkje fastbuande på garden. Etter at garden blei tatt i bruk igjen var det fleire omstendelege odelssaker. Dei gav som resultat at det etter kvart mykje var Vennesla-ætter som blei buande på Skisland.

Fram til 1767 var det eitt bruk på Skisland. I dag er det tre hovudbruk.

I 1951 blei det sett opp to enkle hengebruer over Otra, slik at Skisland fekk eit slags vegsamband med Røyknes. I 1980 kom det nye bruer og god veg til Skisland. Etter den tid vaks garden fram til ei lita grend.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...