Jacob Rosef

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jacob Rosef
Jacob Rosef.png
Foto: Skanning frå Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, side 53
Født: 21. august 1893
Død: 9. mars 1917 (23 år)

Jacob Rosef (fødd 21. august 1893 i Mykland, død 9. mars 1917) var gruvearbeidar i Flåt nikkelgruve i Evje. Han byrja i gruva i 1913.

Rosef omkom i ei tragisk fallulukke, under arbeidet med å skyte den nye loddsjakta ned til malmen i Nygruva. Han var i den provisoriske heisen, saman med Erik Nordbø. Dei skulle opp for å hente materialer. Rosef kom ikkje av heisen i tide, kom for høgt oppunder heishjulet og blei kasta ned 180 meter til botnen av den uferdige loddsynken. Nordbø klarte lynraskt å hoppe over på den provisoriske plattforma i dagen og berga livet.

Jacob Rosef etterlet seg kona Sigrid og sonen Georg Rosef, som då bare var eitt år gamal. Namnet hans står på Minnesteinen ved Flåt gruve.

Kjelder[rediger]