Nygruva (Flåt)

Nygruva er den nyaste og største delen av den nedlagte Flåt nikkelgruve i Mykleåsen i Flatebygd i Evje. Dette området låg ca. 300 meter sør-aust for Gamlegruva med Skråsjakta, og ca. 20 meter høgare oppe i terrenget.
Nedgangen til Nygruva var Loddsynken, ei sjakt som gjekk loddrett nedover i fjellet. Til slutt enda ho på 422 meter.[1] Arbeidet med denne sjakta blei starta opp i 1914/1915. Her var det bare gråfjell ned til 163 meter. Ved 183 meter møtte Loddsynken på Skråsjakta i Gamlegruva. Frå dette tidspunkt blei all steinen i Flåt-gruva henta opp gjennom heisestolen i Loddsynken.
I Loddsynken blei det skote ut stasjonar for kvar 20 meter nedover (seinare 40 meter). I alt blei det ni slike stasjonar. Frå desse blei det laga lange orter utover til sidene i sør-austleg retning. I starten kom ein ganske snart inn til sjølve malmsona. Men malmsona gjekk på skrå nedover i fjellet. Etterkvart måtte ein difor skyte seg lenger og lenger gjennom gråfjell før ein kom fram til malmen.[2] Den lengste av desse stollane ut frå Loddsynken, den nederste (402), var mest 700 meter lang.
Ca. 500 meter innover i fjellet frå hovudgangen på 402 meter blei det skote ned ei lita loddsjakt på 20 meter. Sidan Loddsynken var 422 meter djup, kom gruva til slutt heilt ned på 442 meters djup. Då er ein under havnivå.[3]
Steinen kom opp i dagen gjennom heisen i Loddsynken. Her stod arbeidarar klare til å ta i mot vognene. Steinen blei tippa over i ein knusar. Frå 1929 var dette Storknusaren. Frå knusaren gjekk steinen på eit band inn i eit stort lagerrom. Derfrå gjekk han med kibber på Øvre taubane til fyllkassa og skeidehuset nede ved Gamlegruva. Frå 1937 blei taubanen erstatta av eit svært transportband under tak.
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 219
- ↑ Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, side 220
- ↑ Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, side 219, 2. spalte