Evjeheimen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Evjeheimen 2016.

Evjeheimen er alders- og sjukeheimen på Evje. Han vart opna i 1978, den første pasienten flytta inn 1. mai 1978. Bebuarane har mange aktivitetar dei kan vere med på: Sangkor, dans, film, internett, bingo. Frivillighetssentralen på Evje tek bebuarane med på tur kvar veke. Kåre Tjessem hadde ansvaret for bygginga av Evjeheimen.

Vinteren og våren 2017 blei den eldste delen av Evjeheimen pussa opp og bygd om. 11 pasientrom og legekontor og helsestasjon i 1. etasje vart bygd. Smeland Byggservice utførte jobben, som var kostnadsrekna til rundt 20 millionar kroner. Den andre fløyen på Evjeheimen blei bygd om og oppgardert for på lag fire år sidan. Med dette nye prosjektet var dermed heile institusjonen totalrenovert.

Kjelder