Otra Kraft

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå I/S Øvre Otra)
Hopp til navigering Hopp til søk
Otra Kraft sitt hovudkontor på Rysstad.
Skarg kraftstasjon i Bykle vart bygd i 2014.
Siri Johannessen (2021)

Otra Kraft DA er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Dei som etablerte selskapet var Aust-Agder Kraftverk, Kristiansands Elektrisitetsverk og Vestfold Kraftselskap. Eigarar i dag er Agder Energi Vannkraft AS (68,6 prosent) og Skagerak Kraft AS (31,4 prosent). Hovudkontoret ligg på Rysstad.

Anlegga

Mellom kraftanlegga til Otra Kraft er tre kraftstasjonar. Det er Brokke kraftverk, Holen kraftverk (Holen 1 + 2 og Holen 3) og Skarg kraftstasjon. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981. Den tredje, Skarg, er heilt ny og vart sett i drift i 2014.

Til saman er det sju aggregat i dei to første kraftstasjonane. Variasjon i vassmengde avgjer kor mykje kraft ein kan ta ut i året. Samla innstallert yting er 900 MVA. Ved konstruksjonsfallhøgde kan ein ta ut 656 MW. Gjennomsnittsproduksjonen i Otra Kraft sine anlegg dei siste 10 år (2011–2020) er 2 792 GWh, som er om lag 2,2% av den totale vasskraftproduksjonen i Norge. I 2019 var produksjonen 2 964 GWh (106 % av gjennomsnittet siste 10 år).

Operatøravtale med Agder Energi

Agder Energi Vannkraft er operatør av Otra Kraft sine anlegg. Verksemda blir regulert av en operatøravtale. Operatøren står for dagleg drift, vedlikehald og prosjektgjennomføring ved Otra Kraft sine kraft- og reguleringsanlegg.

Dagleg leiing Otteraaens Brugseierforening

Otra Kraft har ein avtale med Otteraaens Brugseierforening om at dagleg leiar av Otra Kraft, Grunde Johnsen, ivaretar den daglig leiinga og administrasjon i Otteraaens Brugseierforening.

Tilsette

Otra Kraft har bare fire tilsette. Det er:

Utbygginga

Utbygginga har gått i ei rekke trinn i løpet av dei 60 åra. Nedanfor fylgjer eit oversyn, der pengesummane er etter verdien på byggetidspunktet:

Byggetrinn 1

Brokke 1 vart bygd frå 1961 til 1964 og kosta 296 millionar. Av dette gjekk 43 millionar til å bygge 279 km linjer. I tillegg vart det bygd ein 27 km lang tilløpstunnel til kraftstasjonen på Nomeland i Hylestad. Ni sideelvar vart tekne inn i tunnelen.

Byggetrinn 2

Brokke 2 vart fullført frå 1974 til 1978 og kosta 209 millionar. I denne utbygginga var mellom anna dam ved Botsvatn.

Byggetrinn 3

Brokke 3 vart gjennomført frå 1979 til 1982 og omfatta overføring av Otra frå Lislevatn til Vatndalsvatnet. Holen kraftverk var i drift frå 1981, Breive pumpestasjon i 1982 og Vatndalsdammen i 1983. Dette byggetrinnet kosta 1780 millionar.

Byggetrinn 4

Brokke 4 omfatta utbygginga av Skarje og pumpestasjon og aggregat 3 i Holen. Det kosta 495 millionar og vart gjennomført i 1987 til 1990.

Byggetrinn 5

Byggetrinn 5 kosta 68 millionar og vart gjennomført frå 1995 til 1997. Dette byggetrinnet omfatta Urevassdammen.

Kjelder

Eksterne lenker