Dam Urevatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Dam Urevatn er ein steinfyllingsdam ved utlaupet av Lisle Urevatn, i Uraråjuvet ned mot Vatnedalsvatn i Bykle. Anlegget blei bygt 1996–1998. Etter bygging av dammen heng Lisle Urevatn saman med Store Urevatn, til eitt stort magasin for Holen kraftverk (Holen 3). Otteraaens Brugseierforening eig anlegget.

Det går anleggsveg vestover langs sørsida av Vatnedalsvatn til Ormsavatnet. Langs vegen er det ein avstikkar opp Juvet til dammen.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]