Otra Kraft, glimt fra 50 års historie
Otra Kraft kunne markera si 50 års historie i 2010, og gav i det høve ut ei bok om si omfattande verksemd gjennom dei åra. Forfattarar har vore Olav Egeland og Reidar Ove Mork, og Tor Moseid har laga oppsettet til boka. Den har ISBN 978-82-303-1824-9 og Setesdalstrykk AS har hatt trykkinga. På 66 sider har ein fått med ei mengd gode og illustrerande bilete, kart og grafiske framstillingar i tillegg til utfyllande tekst. Utanom tekniske og økonomiske utgreiingar, har boka også fått plass til meir personlege hendingar knytta til anleggsarbeid og om lagnader for dei som fekk sine eigedomar øydelagt. Kan nemne Bjørgulv Nesland som fekk sin heim ved Botsvatn lagt under vatn. Striden om Bykildammen har sjølvsagt fått plass, og dette at Otra Kraft måtte taka omsyn til tømmerfløyting og bate for fisken etter gjennomførte reguleringar i vassdraget.
Opphaveleg heitte selskapet Intressentskapet Øvre Otra men etter 35 år vart namnet endra til Otra Kraft DA. Det var tri eigarinteresser bak dette selskapet, Aust-Agder Kraftverk (Aust-Agder fylke), Kristiansand Elektrisitetsverk (Kristiansand kommune) og Vestfold Kraftselskap (Vestfold fylke). Storleik i økonomi og omsetning av kraft var nokså likeverdig. Det er mange kraftstasjonar i otravassdraget, og Otra Kraft står for halvparten av kraftproduksjonen.
Det har stor verdi for ettertida når ulike verksemder gjev ut bøker om seg sjølv i eit jubileumsår. Då vil samfunn og historieintresserte ha gode kjelder om ei tid som har vore. Sjølv om ikkje alle slike bøker vert lagt ut for vanleg salg, så vert dei allikevel spreidd ut til mange som har interesse for slikt.
Innhald
- Introduksjon og forord
- Avklaring før konsesjon
- Interessefellesskap og foreninger i vassdraget
- Den trinnvise utbyggingen
- Store saker. Gammel og ny tid.
- Ansvar sammen med andre
- Vassdraget, natur og miljø
- Lokalisering
- Omorganisering, eierskifte, salg
- Otra Kraft DA etter 1994
Sjå også
Om den trinnvise utbygginga, sjå Otra Kraft.