Lislevatn

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Lislevatn er eit lite vatn i Otra-vassdraget rett nord for Hovden og sør-vest for Breidvatn i Bykle kommune, øvst i Setesdal. I samband med Brokke 3-utbygginga 1979–1984 vart vatnet frå Otra overført frå Lislevatn til Store Førsvatn og derfrå vidare til Vatndalsvatnet gjennom eit omfattande tunnelsystem. Det er bygt ein terskel nedstraums utlaupet av Lislevatn for å kunne halde oppe normal vasstand og for å gi moglegheit for slepp av minstevassføring.

Kjelder

Kart

Laster kart...