Heistad (Bygland)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gravhaug på bnr. 1 på Søndre Heistad. Haugen ligg like ved vegen, og er lett å få auge på når ein køyrer forbi. I bakgrunnen Moifjellet på andre sida av Otra.
Den gamle hovudbygningen på Nordre Heistad bnr. 1.
Foto: Geir Daasvatn
Husa på eit fråflytta bruk på Søndre Heistad.

Heistad er ei lita grend og to gardar (Nordre Heistad og Søndre Heistad nord i Bygland, på austsida av Otra. Sør for Heistad ligg Austad, og i nord-vest ligg Sordal. På andre sida av Otra ligg Moi. Mot aust, oppe på heia, strekker marka som høyrer til Heistad seg heilt til grensa mot Telemark. Fylkesveg 324 går gjennom bygda sørfrå og stoggar nord på Heistad. Vidare til Sordal er han kommunal veg. På heia aust for Heistad ligg Heisvatn. Ut av vatnet renn Heisåni, som kastar seg utføre fjellsida nedover mot Otra i Heisfossen. Hovatn kraftverk ligg på Heistad.

Historie[rediger]

Det er mange gravhaugar på Heistad, om lag 20 er registrerte. Dei vitnar om at garden må ha blitt rydda seinast i vikingtida, i tidsromet 800 til 1000 e.Kr.[1] Heile strekninga frå Straume og Sordal i nord, gjennom Heistad til Austad i sør må ha vore eit sentralt område i jernalderen. Men også seinare var Heistad ein sentral plass i dalen. På 1600-talet budde sorenskrivaren på garden, og etter han budde lensmannen i Bygland her. Då køyreveg blei bygd opp gjennom Setesdal i 1840-åra, kom han på vestsida av Otra. Då blei Heistad og dei andre gardane på austsida liggande noko isolerte i høve til resten av bygda.[2]

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 285
  2. Bygland gard og ætt, bind II, side 283