Gautestad Fjellstue

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gautestad kurs- og misjonssenter 2015.

Gautestad Fjellstue (tidlegare Gautestad kurs- og misjonssenter) ligg på Gautestad i Evje og Hornnes kommune, 17 km frå Evje. Staden var ei gåve til Agder krets av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1994. Det var brukt til retreat for NLM-arbeidarar og andre for første gong i oktober 1996. Frå 1. september 2023 er Arve Bjerke tilsett som dagleg leiar. Samstundes er namnet endra til Gautestad Fjellstue.

Historie

I utgangspunktet var staden eit vanleg gardsbruk som etter kvart vart regulert til utbygging for hytter og fritidsføremål. Staden vart mykje nytta av britiske soldatar som øvingstad for vinterøvingar. Men i 1991 brann anlegget. Staden og forsikringspengane vart då gjeve til NLM for å etablere ein stad for aktivitet og rekreasjon for unge og gamle. Det var imidlertid ikkje lett å drive staden i misjonsregi, og fleire gonger har det vore drøfta å selje anlegget, seinast i 2008. Då vart det stifta ei forening som fekk overta heile senteret for å drive det vidare i tråd med NLM sine ideal.

Kjelder

Eksterne lenker