Elektrisk ljos til Setesdal vert planlagd 1945

Elektrisk ljos er ein sjølvsagt ting i dag, men det lever ennå folk, i 2013, som minnast at ein laut klara seg med parafinljos om kvelden. Setesdal, som har gjeve så mykje kraft til Kristiansand, laut venta lenge for sjølv å få ljos i stoga. Og då var det kraft frå Nidaråvassdraget som kom over høgheia, frå Aust-Agder kraftverk. Fyrst på den 16. desember 1955 vart straumen tilkopla Hovden og Breive, og alle huslydane i området heldt ljosfest for ingeniørar og montørar på Hovden Turisthytte om kvelden. Men Bjåen laut ennå vente ei tid på straum.
Ute i Årdal sokn i Bygland var stoa anleis. Her fekk ein allereie i 1914 kraft frå Longerak kraftverk i samband med bygginga av Landeskogen sanatorium i Grendi. Kraftstasjonen hadde kraft nok til bygdelaga i Årdal i tillegg til sanatoriet. Dampsaga på Byglandsfjord hadde eige kraftverk frå år 1900, driven av dampmaskinen som også dreiv sagbruket.
Mange teikna abonnement i god tid før straumen kom, og til ein viss grad kan dette samanliknast med utbygginga av breiband i seinare år.
Elektrisk lys til Setesdal
- Linje til Hylestad og Valle ferdig neste høst.
- Styret i Aust-Agder kraftverk har holdt et møte i Valle for noen dager siden hvor blant annet spørsmålet om å bygge ut linjene for elektrisitetsforsyning i Setesdal ble drøftet.
- Man var enig om betydningen av kraftlinjer oppover Setesdal, slik at Hylestad og Valle får kraft. Anlegget er beregnet å bringe et underskudd på 100.000 kroner som en mente at staten ville dekke og herredene bærer et distriktsbidrag på 10 prosent av underskuddssummen. Linjen skal påbegynnes så snart som mulig, og påregnes å være ferdig neste høst. Tiltaket er blitt hilst med glede i begge herreder, og mange abonnenter har meldt seg allerede.
Kjelder
- Elektrisk lys til Setesdal, Fædrelandsvennen, 13. september 1945.
- No lyser det i heile Setesdal unntatt Bjåen, Ref. Fædrelandsvennen, 22. desember 1955.
- I skiftende tider, Sigmund Skomedal, 1985, side 113.
- A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri, 1898-1948, Mikkjel Skjevrak, side 61.