28. oktober 2018 vil Setesdalswiki være nede for oppgradering.

Øvre Lande (Grendi)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Øvre Lande.

Øvre Lande (Grendi) er ein av gardane i bygda Grendi i Bygland kommune (gnr. 57 bnr. 1).

Oluf Rygh sin omtale av namnet i verket Norske Gaardnavne viser at namnegarden Lande er nemnd i eit diplom i 1412, og fleire gonger seinare[1]. I 1723 kom eit matrikkelforarbeid, og i dette hadde garden fått nummer 8. Kven som eig han er ikkje lett å tyde[2].

Slekt[rediger]

Den fyrste eigaren av Øvre Lande var bondelensmannen Osmund Ketilson Lande som var fødd i 1570-åra. I 1604 fekk han sonen Ketil, som blei bruksmann på Lande for Suennung Grebrock som eigde denne delen i 1664[3]. I 1682 dreiv den fyrste Osmund sin soneson, Osmund Ketilson, garden for rådmann Mikkel Hansen frå Kristiansand. Osmund fekk leige garden på livstid. Då Ommund Mikkelsen kaupte garden rundt 1700 kom den i ætta si eige på ny. Då boet blei skifta etter Osmund i 1723 kravde sonen Gunder O. Langerak at det skulle protokollførast at han hadde, og heldt på, odelsretten til jorda i Lande som Osmund åtte før broren Tor O. Lande. Gunder nytta aldri denne retta, så Tor O. satt på garden fram til sonen Osmund T. tok over i 1756. Tor O. og kona Astri Salvesdotter frå Longerak tok då follog hjå Osmund.

Kjelder[rediger]

  1. Oluf Rygh: Norske Gaardnavne - 57. Lande
  2. Råbyggelag, Matrikkelprotokoll (RA/EA-4070/N/Nb/Nbf/L0126), 1723-1723
  3. Bolling, 1952: s. 386