Eidsvollsmenn frå Setesdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Det var to eidsvollsmenn frå Setesdal bland dei tre som representerte Råbyggelaget i 1814. Frå dei fleste andre amt kom sorenskrivarar og godseigarar, men frå Setesdal reiste ein lensmann og ein tømmermålar, to bønder. Ein byglending og ein valldøl. Tredjemann frå amtet var sorenskrivar Thomas Bryn som møtte for Østre Råbyggelag. Resultatet av amtsvalet var at Eivind T. Lande vart vald som andre representant med 19 stemmar, lensmann Olav K. Tveiten fekk 15 og Thomas Bryn frå Birkeland 23.

Eivind Torkjelson Lande[rediger]

Eivind Torkjelson Lande (døypt 1. januar 1759 i Årdal kyrkje, Bygland, død 9. mai 1833 same stad) var gardbrukar på Øvre Lande i Grendi, tømmermerkar og eidsvollsmann. I bygda var Eivind Lande óg kjend som ein god smed og spelemann. Han skal ha spelt i omkring 70 bryllaup. Både Eivind og sonen Tor var dugelege rosemålarar. Eivind var som rosemålar sterkt påvirka av Fjotland-stilen frå Vest-Agder, medan sonen var mest prega av stilen frå Telemark.Eivind Lande var blant dei mest aktive av bonderepresentantane. Han arbeidde saman med Theis Lundegaard for å sikre at bøndene fekk ein så stor part som mogleg av stortingsrepresentantane, og han skreiv saman med andre bonderepresentantar på Riksforsamlinga eit godt innlegg om odels- og åseteretten.Eivind Lande vart vald til andre varamann til Stortinget i 1818, og fyrste varamann i 1821.

Olav Knutsson Tveiten[rediger]

Olav Knutsson Tveiten (fødd 1758, død 5. oktober 1837) var bonde og lensmann i Valle. Han budde på Tveiten og var ein av tre utsendingar frå Råbyggelaget til Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Som evnerik ungdom gjorde presten Reier Gjellebøl han til omgangsskulelærar i 1776. Olav var då berre 18 år gammal, og han heldt fram med det virket til 1785. I 1783 gifta han seg med Gyro Gunnufsdotter Kvestad og i 1788 overtok han garden etter foreldra. Då hadde han alt vore lensmann sidan 1786. Kort før han døydde i 1837, 79 år gammal, tok sonen Bjørn Kvestad over som lensmann.

Kona Gyro døydde i 1822, dei hadde sju barn. I 1824, 66 år gammal, gifta han seg med søskenbarnet til første kona, Margit Olsdotter Harstad, som var 45 år yngre enn mannen. Med henne fekk han fem barn.

Thomas Bryn[rediger]

Thomas Bryn (født 29. mars 1782 på Kongsberg, død 16. september 1827 i Larvik) var sorenskriver, eidsvollsmann og stortingsrepesentant. Faren var overstiger og bergmuskus Thomas Thomassen Bryn og moren Anne Marie Jørgensdatter Røste.

Thomas Bryn ble i 1810 utnevnt til sorenskriver i Østre Råbyggelag og flyttet da til Herefoss i Birkenes. I 1814 resulterte amtsvalget til Riksforsamlingen i at han ble en av tre representanter for Råbyggelagets amt. Han fikk 23 stemmer, mens de to andre fra Bygland og Valle fikk henholdsvis 19 og 15 stemmer. På Eidsvoll sluttet han seg til Unionspartiet, og foreslo at statlige embeter skulle forbeholdes barn av norske foreldre.