Åsen (Grendi)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsen sett frå Utsikten 25. oktober 2023.
Åsen ligg høgt med utsyn over Grendi og Byglandsfjorden.
Foto: Geir Daasvatn

Åsen er ein gard (gnr. 62) i bygda Grendi i Bygland kommune.

Garden er truleg ein av dei yngste i Bygland, Reidar Bolling skriv i Gards- og ættesoge Bygland at den er frådela Greibrokk kring 1700[1]. Omtala av namnet i Norske Gaardnavne tyder på at det kan ha skjedd noko tidlegare, garden er nemnd to gonger – i 1668 (Aas) og 1723 (Aasen)[2]. I 1723 kom eit matrikkelforarbeid, i dette hadde garden fått nummer 12, og stend Sveinung Torkjelson som eigar[3].

Slekt

Etter Sveinung overtok sønen Torkjel Sveinungson garden. Fyrste kona, Birgit Ånundsdotter Greibrokk, døydde berre fire år etter at de vigde i 1735 og han gifte seg opp att i 1740 med Ingebjørg Ketilsdotter Lande. Eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande var son av Torkjel og Ingebjørg. Han gifte seg til Øvre Lande.

I 1772 gjekk garden over til sonen Sveinung Torkjelson (fødd 1743), som fekk to søner og tre døtre med kona Mari Svendsdotter Austenå. Borna var Torkjel, Svend, Tarann, Sigrid og Ingebjørg. Sonen Torkjel døydde tidleg, alt i 1807, så i 1822 skreiv Sveinung garden over på dottera Ingebjørg som hadde vigd med Ketil Lande.

Matrikkelen som blei utgjeve i 1838 fortel at det i åra før var to brukarar i Åsen, Torjus Nereson og Knut Nottoson[4]. Knut var son av bruksmannen Notto Jakobson på Lande. Bolling seier at mora Ingebjørg Sveinungsdotter overlet garden til sonen Sveinung Ketilson Lande same året, men han døydde i 1848 utan å ha gifta seg. Garden skulle då ha gått til systera Tone Ketilsdotter Lande, som budde hjå mannen Ånund O. på Flåt, og Ånund O. let den gå rett vidare til broren Gunnar Ketilson Lande. Gunnar var brukar på garden fram til 1867 då han døydde, og garden gjekk over til dottera Ingebjørg Gunnarsdotter (vigd fyrste gong med Gunnstein Jørundson Langerak). I 1868 kom neste eigar: Ingebjørg si dotter, Gunnhild Gunnsteinsdotter vigd med Gunnar Tomasson Langerak. Etter at Gunnstein Jørundson døydde vigde Ingebjørg Gunnarsdotter opp att med Gunnar Jørundsson Greibrokk, og fekk Åsen attende frå dottera.

I 1904 kaupte Olav Nilsson Skjeggedal garden, og han overlet den til sonen Olav Åsen (fødd 1884). Olav vigde Anne Tomasdotter Skreland (fødd 1890) i 1916, og dei fekk borna Anne, Olav og Helga.

Kjelder