Byglandsfjord dam

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kveldsstemning ved dammen.

Byglandsfjord dam er ein betongdam med fire svære stålluker (segmentluker) og èn klappeluke i Otra heilt nord i Evje og Hornnes kommune og rett sør for Byglandsfjord. I forlenginga av betongdammen mot vest er det ein mindre fyllingsdam. I 2014 blei det utført ei større rehabilitering av begge dammane.

Dammen demmer opp Byglandsfjorden til magasin for kraftproduksjon, med ei reguleringshøgde på fem meter og magasinkapasitet på 212,3 millioner m3. Kraftverka Vigelandsfoss, Hunsfoss, Steinsfoss, Nomeland og Iveland bruker alle vatn frå magasinet. Dammen er eigd av Otteraaens Brugseierforening, og vert styrd frå driftssentralen på Brokke kraftverk.

Byglandsfjorden blei demd opp til kraftmagasin alt i 1905. Då vart det bygd ein nåledam tvers over elva nokre få hundre meter lenger nord, i Bygland kommune. Dammen som står der i dag er bygd i 1973, og ligg altså i Evje og Hornnes. Den gamle dammen blei då fjerna. Maskinentreprenør Normann Bydal frå Hornnes hadde rivingsoppdraget.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]