Blekeløpet


Blekeløpet er ein 435 meter lang kanal som Statens vegvesen i 2012 bygde i Otra for å sikre gyteplassar for bleke ovanfor Langeid. Kanalen vart bygd av Hovden Hytteservice, som vann anbodet på bygging av den nye parsellen av Riksveg 9 forbi Langeid. Han startar like ovanfor utløpet frå Hekni kraftverk. I kanalen er det plassert spesielle skyggesteinar som bleka kan nytte til å gøyme seg bak. I botnen av kanalen er det lagt plastduk for å hindre vasslekkasje. Fyllingsmassen til den nye kanalen vart henta frå steintippen ved Falkenut.
Bergensfirmaet Uni Miljø står for blekeprosjektet som er finansiert av Otteraaens Brugseierforening/Agder Energi. Kostnadene med Blekeløpet er stipulert til 2 millionar kroner. Sivilingeniør Lars Damsgaard var kontrollør for prosjektet på vegner av Agder Energi.
For ein del år tilbake freista ein å setja ut bleke frå Otra i andre norske vassdrag, og nytta til og med fly til dette.
Kjelde
- Jan Olsen: Bleke-kanal til 2 mill. Artikkel i Setesdølen nr. 75, 2012 side 8