Krokå-Langeid
Hopp til navigering
Hopp til søk
Krokå-Langeid er ein 2,6 kilometer lang parsell på Riksveg 9 på Langeid nord i Bygland. Parsellen var den tredje og siste av i alt tre strekningar i utbetringa av Rv-9 mellom Ose og Langeid. Vegstykket vart opna 16. oktober 2013 av fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund. Parsellen blei bygd av Hovden Hytteservice. Kostnaden var om lag 75 millionar kroner.
Arkeologiske utgravingar
Vegbygginga mellom Krokå og Langeid kravde arkeologiske utgravinger som resulterte i mange spanande funn, mellom anna Langeidsverdet.
Sjå også
Kjelder
- Åpning av rv. 9 Krokå-Langeid 16. oktober 2013, faktaark/pressemelding frå Statens vegvesen