28. oktober 2018 vil Setesdalswiki være nede for oppgradering.

Bleke

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Blekestim i fiskeanlegget på Syrtveit i år 2000

Bleke er en reliktlaks som opprinneleg var vanleg i Byglandsfjorden og vassdraget Otra.

Etter den første reguleringa i 1905 vart viktige gyteområde borte. Rundt 1970 var stammen nesten borte på grunn av generell forsuring og tilslamming frå Brokkereguleringa i 1964. Ei lita bestand vart berga i 1972 av Rasmus Ersland og stamfisk vart sikra på fem ulike settefiskanlegg i Sør-Norge, deriblant eit lokalt anlegg på Bygland. Ei rekke uhell førte til at det i 1973 kun var totalt 202 ensomrige bleker att, lokalisert på Reinsvoll klekkeri i Oppland.

Otteraaens Brugseierforening (OB), som har konsesjon for regulering av Byglandsfjorden m.m., er gjennom konsesjonsvilkår pålagt å sette ut bleke i Byglandsfjorden. Dei bygde i 1991 eit moderne settefiskanlegg, Syrtveit Fiskeanlegg, for å oppfylle konsesjonsvilkåra. Det blir kvart år sett ut 100 000 yngel av bleke, for det meste i Byglandsfjorden. I tillegg blir det lagt ut rognkassar med ca. 100 000 rogn for å forsøke å få bleka til å reprodusere naturleg. Utlegging av rognkassar er ein del av «Blekeprosjektet» som startet opp i 1999. Prosjektet har som mål å reetablere ei sjølvreproduserande blekebestand i Otra.

I sin artikkel «Byglandsfjorden» i boka Minner fra Setesdal fortel Nils Nersten om bleka og blekefiske.

Bleke fanga under Hallandsfossen[rediger]

Laurdag 31. mai 2014 vart ei utvaksen bleke fanga i Otra ovanfor Flånè i Valle. Bleka var 27 cm og er den første (som eg veit om) som er teken i dette området sidan samanbrotet i blekebestanden i begynnelsen av 1970-åra. Den stammar frå rognplanting i blekeprosjektet, truleg i 2010 og var i godt hald. Det vert sett ut blekerogn frå Syrtveit Fiskeanlegg kvart år over ein lang strekning i Otra, også ved Hækni og nedanfor Langeid. Sist haust vart det ved prøvefiske fanga 19 bleker ved Besteland. Desse var små og av årsklassane 1-3 år.

Blekeprosjektet som er leia av LFI – Universitetet i Bergen (UNI-Miljø), ser no endeleg ut til å gje resultat. Det starta alt i 1999.


Kjelde[rediger]

  • Bleka i Byglandsfjorden, bestandsstatus og tiltak for økt rekruttering. Direktoratet for Naturforvaltning, utredning 2005-3.
  • Omtale i Tarjei Haugen: Setesdal og setesdølar 1993 ISBN 82-7627-009-3 s. 213
  • Egil Remi-Jensen: Rasmus Ersland til minne (1946-2012). Artikkel i Fædrelandsvennen 30. mai 2012 side 19

Eksterne lenker[rediger]