Stå i stein - Brudled, likkviler, varp og andre steinsetjingar på Agder og i Rogaland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bokomslaget.

Stå i stein - Brudled, likkviler, varp og andre steinsetjingar på Agder og i Rogaland er nr. 14 i serien kulturhistoriske rapportar utgjeve av fylkeskonservatoren, Vest-Agder fylkeskommune. Boka er skrive av Torfinn Normann Hageland, og utgjeve av Commentum Forlag AS i Sandnes i 2013. 262 sider. ISBN 9788282332187.

«Boka handlar om rare steinsetjingar, som ligg etter gamle gangvegar eller stigar over heiane», skriv forfattaren i føreordet. Han omtaler 129 stader med brudled, 112 stader med likkviler, 102 varp og 61 andre steinsetjingar. I føreordet trekk Hageland fram arbeidet til Harald Polden og Oddmund Mogstad med å samle stoff om slike rare steinsetjingar. Dette stoffet har han fått lov til å bruke i si bok, samtidig som han har utvida framstillinga mykje med eige innsamla materiale. Brudled og likkviler finst bare på Sør-Vestlandet. Det var derfor naturleg for Polden og Mogstad å ta føre seg heile Sør-Vestlandet, både Rogaland, Vesr-Agder, Aust-Agder og noko inn i Telemark. Dermed var det geografiske området for boka lagt.

Innhald[rediger]

  • Føreord
  • Fagleg føreord
  • Brudled og pikksteinar
  • Andre pikksteinar og vegvisarsteinar
  • Knyllingar
  • Likkviler og «bearbåsar»
  • Andre runde steinsetjingar
  • Varp
  • Offersteinar
  • Koordinatar
  • Geografisk oversyn
  • Registratorane
  • Kjelder