Bendik Stubseid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bendik Stubseid
Bendik Stubseid.jpg
Født: 11. desember 1862
Død: 25. juni 1926 (63 år)

Bendik Stubseid var lærar i Bygland frå 1884 til 1926, og klokkar i Austad kyrkjeTveit frå 1890.

Stubseid vart fødd i Askvoll i Sogn og Fjordane i 1862, tok lærarprøva på Stord seminar i 1882 og kom til Bygland tvo år seinare. Fram til 1890 var han lærar på Strandeleda i Bygland, og i 1890 vart Bendik Stubseid lærar i den ytre bygda i Austad[1]. Otra dela den ytre bygda i tvo, så han måtte ofte nok krysse henne. Dette vart endra i 1918 då han fekk skulekrinsen Austad – Heistad som berre låg på austsida av elva. Stubseid var den eine av tvo lærarar utanfrå som vart buande i Bygland livet ut, den andre var Knut Sveindal (1862–1927) frå Grindheim i Vest-Agder. Han var lærar i Langeid og Hegland krinsar, og kaupte seg gard på Hegland[2].

Bendik Stubseid var kjend som ein dugande hagemann, som hadde planta store frukthagar på garden han kaupte på Nordre Austad i 1904[3]. Bolling seier i Byglands soge at han var

«...ein umåteleg snild og stillfarande mann, med godt mannetykje, og ei evne til å fortelje og gjere levande som var sjeldsynt. Til å syngje var han makelaus mest, han kunne kvar einaste tone i Landstad sin salmebok, ...»[4].

Han kunne og mange skjemtesongar og han fortalde stubbar på ein løgleg måte. Stubseid arbeidde for å opplyse folk, og gav og råd og rettleiing i hagebruk. Attmed alt anna han dreiv med, var han og ein av revisorane for Bygland sparebank[5].

Familien[rediger]

Svein og Regine sitt gravminne på Vennesla kyrkjegard.
Foto: Ole Martin Jensen, DIS-Vest-Agder

Bendik Mathias Kristianson Stubseid var eldste sonen til gardbrukar og sjølveigar Christian Bendiksen og kona Petrine Mathiasdatter på Stubseide i nordre Askvoll. Sjølv vart han vigd tvo gonger og fekk ti born, sju gutar og tre jenter. Bendik og Mari Stubseid er gravlagde på kyrkjegarden ved Austad kyrkje på Tveit.

I 1891 syner folketelinga at Bendik var «enslig logerende» hos enka Birgit Johansdotter Austad på Nordre Austad[6]. Neste teljing ni år seinare fortel at han er gift og far til tre. Han vart eigar av garden dei bur på, Hækni på Nordre Austad (gnr. 13, bnr. 10), i 1898 [7]. I 1910 har familien flytt til eit av dei andre bruka på Nordre Austad (gnr. 13, bnr. 2 og 3 (Nygaard)) som Bendik kaupte i 1904. Teljinga syner at huslyden har auka med fire nye born, til ein huslyd på ni.

Bendik Mathias Kristianson Stubseid, f. 11. desember 1862 d. 25. juni 1926:

vigde fyrste gong med Juri Olavsdotter Austad, f. 20. juli 1873, d. 15. juli 1893, 30. november 1892 i Austad, fekk ikkje born.
vigde andre gong med Mari Olavsdotter Hegland, f. 1. juni 1874, d. 13. august 1931, 4. juli 1895 i Bygland, fekk borna:
  • Jorid, f. 21. oktober 1895, d. 4. februar 1967, vigd med Gustav Andreas Christensen Haugland (Vegusdal, 1892–1958)[8], gravlagd Austad kyrkjegard på Tveit.
  • Kristian, f. 2.september 1897, d. 29. april 1976, lærar. Vigd med Gunhild Gunnarsdotter Straume i 1935, gravlagd Austad gamle kyrkjegard.
  • Olav, f. 20. september 1899, gravlagd 12. oktober 1948 på Austad kyrkjegard på Tveit, emissær, døydde i Sogn.
  • Olav, f. 21. februar 1902, d. 1. oktober 1955, gravlagd på Austad kyrkjegard på Tveit.
  • David, f. 11. juli 1904, d. 25. desember 1986, lærar, vigd med Solveig Hagen (1905–1986), gravlagd på Leie gravlund i Fredrikstad.
  • Grunde, f. 1. februar 1907, emigrera til USA 7. august 1929, d. 26. oktober 1964, gravlagd ved Effie Lutheran Church aust for Grand Forks, nord i Minnesota[9].
  • Sven, f. 15. juni 1909, d. 9. november 1969, vigd med Anna Regine (1911–1999), gravlagd på Vennesla kyrkjegard.
  • Gunhild, f. 11. februar 1912, gravlagd 18. august 1976, Nøtterøy kyrkjegard. Organist i Austad kyrkje føre 1936[10], sjukesyster (utdanna ved Haukeland sjukehus), vigd med sjømann Einar Thorbjørnsen (1917–2003) frå Nøtterøy[11].
  • Anne, f. 4. september 1914, d. 29. juli 1953, sjukesyster, ugift, busett i Ålesund, gravlagd på Austad kyrkjegard på Tveit.
  • Bjørn, f. 25. september 1917, d. 5. september 1980, lærar, vigd med Kristine (Kitty) Monen (1922–1995), gravlagd på Leie gravlund i Fredrikstad.

Fotnoter[rediger]

  1. Bolling, 1939: s. 355–356.
  2. Bolling, 1939: s. 354.
  3. Bolling, 1952: s. 94.
    Tinglysingsprotokoll nr. 24, gnr 13 bnr 2 og 3.
  4. Bolling, 1939: s. 356.
  5. Bolling, 1939: s. 488.
  6. Folketeljinga 1891.
  7. Tinglysingsprotokoll nr. 24, gnr 13 bnr 10, s. 153-154.
  8. Setane, Paul (1995), s. 457.
  9. Kjelde: Gunnar K. Stubseid.
  10. Johnsen, Jørg (1962) s. 20.
  11. Kjelde: Gunnar K. Stubseid.

Kjelder[rediger]

Primærkjelder[rediger]

Folketeljingar på Digitalarkivet.no
Kyrkjebøker på Digitalarkivet.no
Emigrantarkiv
Tinglysingsprotokollar på Digitalarkivet.no

Sekundærkjelder[rediger]