David Stubseid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
David Stubseid
Født: 11. juli 1904
Død: 25. desember 1986 (82 år)

David Stubseid var det femte barnet til Bendik Stubseid og kona Mari Olavsdotter Hegland. Han vart fødd på Nordre Austad, og som far sin reiste han ut og utdanna seg til lærar. David såg mykje av Noreg, han fekk lærareksamen i Tromsø, underviste i Karasjok og var varaordførar der, vidareutdanna seg på Notodden, var lærar på Glåmos og slo seg til slutt ned i Fredrikstad. I Tromsø traff han Solveig Hagen frå Annajord i Karasjok (1905–1986), ho vart kona hans og saman fekk dei fire døtre. Som David var Solveig barn av ein kyrkjesongar og lærar frå Sogn og Fjordane og eit av ti born.

David og Solveig fekk båe eksamen ved Tromsø lærerskole i 1927. Så arbeidde David i 20 år som lærar i Karasjok, der han og var varaordførar ei tid under krigen. Under eit møte i Finnmark Fylkeskommune i 1941 var han ein av representantane som avviste ein møteprotokoll av di det ikkje hadde vorte protokollførd kvifor dei i det førre møtet hadde gått imot løyving av pengar til den norske legion og eit helsingstelegram til Quisling. Han møtte ikkje for Karasjok i 1942[1]. Ved sidan av arbeidet var han under krigen mellom anna og leiar av skulestyret, av Lærersambandet og Nasjonal Samling i Karasjok. Han leia jordstyret, var revisor i heradet og dessutan leiar for Karasjok tuberkuloseforening[2]. Ein av dei tyske leirane for deporterte låg i Karasjok, og serbaren Cveja Jovanović nemner lærarparet som tvo av dei gode nordmenn som våga mykje for å hjelpa fangane[3]. Etter krigen, i februar-mars 1946 flytta han til Valjok og starta opp skulen att. Kapellet var skulestoge, medan David sjølv budde i sakristiet fram til han i 1947 fekk eit rom på fjellstoga[4].

I 1947 drog han frå Finnmark til Telemark der han vidareutdanna seg ved Statens sløyd- og tegnelærerskole på Notodden[5], og deretter arbeidde han eit års tid som sløydlærar på framhaldsskulen på Glåmos i Røros[6]. Frå 1948 budde han og Solveig i Daniel Leegårdsgate i Fredrikstad og dei underviste på kvar sine skular - han på Trara folkeskole og ho på Lahellemoen.

Då samordningsnemnda for skoleverket hausten 1948 ga si Tilråding om samiske skole og opplysningsspørsmål sende David eit brev til Kirke- og undervisningsdepartementet. I dette argumenterar han mot at det igjen skal undervisast på samisk i skulen. Det er tydeleg at han meiner det beste er fornorsking, og at samisk vil vere til hinder for elevar som søkjer vidare utdanning:

«...Skal nå samisk bli innført i skolen i språkblanda distrikt, vil samene der bli utestengt fra den videre skoleutdannelse de norske skolene kan gi ungdommen, samene vil med andre ord, bli utestengt fra samfundet. [...] Samisk er et språk som brukes i dagligtalen bare av en liten del av landets befolkning. [...] Samisk er et interessant språk på mange måter, og det kunne sikkert ha sin interesse å bevare det på folkemunnen. Men det lar seg ikke gjøre, samisk er for lenge siden dømt til undergang...»[7]

Familien[rediger]

David Stubseid var det femte barnet til gardbrukar og sjølveigar Bendik og kona Mari Olavsdotter på Nordre Austad. Han vigde ein gong, med Solveig Hagen, og blei far til fire jenter. David og Solveig Stubseid er gravlagde på Leie gravlund i Fredrikstad.

Folketeljinga i 1910 for Bygland herred syner at han var busett på Nordre Austad (Gnr. 13, bnr. 2 og 3) som far hans åtte, og at han hadde fem brødre og ei syster. Solveig som var fødd 24. september 1905 budde då på Annajord i Karasjok, med foreldra og to yngre syskjen. I 1922 var dei ti syskjen, sju jenter og tre gutar[8].

Fotnoter[rediger]

  1. Bottolfsen, Øystein (1990), s. 313.
  2. Skuvla.info: David Stubseid.
  3. Jovanović, Cveja (1985): s. 29.
  4. Skolestyret i Karasjok (1961), s. 6.
  5. Norske skulefolk 2, s. 1216.
  6. Sakrisvoll, Anders (2012).
  7. Skuvla.info: David Stubseid.
  8. Inges slektsside.

Kjelder[rediger]

Primærkjelder[rediger]

Folketeljingar på Digitalarkivet.no
Kyrkjebøker på Digitalarkivet.no

Sekundærkjelder[rediger]