Hækni (Austad)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hækni (Gnr. 13 bnr. 10) er ein av dei sydlegaste gardane på Nordre Austad i Bygland, med 0.22 daler landskyld (22 øre)[1]. Panteboka fortel at Grunde Grundeson Austad let luten skilje ut frå Der heime (Gnr. 13 bnr. 8) 10. juni 1898 då han selde jordstykkjet til klokkaren og læraren Bendik Stubseid. Skjøtet er datera 18. juni samme året. I panteboka er og grensene noggrant skrivne ned[2].

Hækni ligg rundt 500 meter nord for den gamle kyrkjegarden, i Hæknehaugen sin vesthelling. Garden hadde rett til beite for to store og seks små fe, på heia i fellesskap med Plasset (13/9) og heime var det fellesbeite saman med dei andre gardane på Nordre Austad. Bendik Stubseid sette opp hus, og branntaksta frå 1899 fortel om eit våningshus på to etasjar med spontekt tak, ei lafta løe med låve i midten og høy-/kornrom på sidene og eit lafta fjøs tekt med never og torv[3]. Han selde seinare garden til Gunstein Skomedal, noko som truleg hende ein gong føre brannen om våren 1909. Gunstein fekk ikkje skjøte på garden føre 16. mars 1926[4]. 25. mars 1910 vert ein ny branntakst halden, den fortel at våningshuset brann våren 1909, og at eit nytt på halvannan etasje hadde blitt reist. Uthusa hadde ikkje blitt råka av brannen. I 1952 vart våningshuset modernisert og nye uthus sett opp[5].

Delinga fann stad åtte år etter at Gunstein døydde, og kona Jorid selde då ein lut av bruket til den nest yngste dottera Birgit og mannen hennar, Knut Haugen. Panteboka fortel at skyldskiftet fann stad 29. april 1935, og vart stadfest 13. mai 1935[6]. Etter delinga hadde Hækni 12 øre i skuld, og det nye bruket som fekk namnet Haugen (13/18)[7] 10 øre[8]. Ved skyldskiftet var son åt den fyrste eigaren, Kristian Stubseid, ein av skynmennene i lag med Eivind Ose og Gunnar Austad.

I 1934 overtok Tone, den eldste dottera, og mannen hennar garden[9], og i 1962 tok eldstesonen Gunstein over. Då han døydde i 1989 arva syskna gården, og dei selde den til Birgit Slettå Heistad[10].

Eigarar[rediger]

Grunde Grundeson Austad på Der heime (Gnr. 13 bnr. 8)[11].

  1. Bendik Stubseid (1898 – omk. 1908/-09)
  2. Gunstein Sveinungson Skomedal, og seinare kona Jorid Bjørgulvsdotter Skomedal (omk. 1908/-09 – 1949)
  3. Tone Gunsteinsdotter Austad og mannen Knut Åsmundson Faremo (1934 – 1962)
  4. Gunstein Knutson Faremo (1962 – 1989)
  5. Vetle, Åsmund og Jorid Austad (1989)
  6. Birgit Slettå Heistad (1989 – )

Fotnoter[rediger]

  1. Protokollnummer 24, side 153.
  2. Protokollnummer 11.
  3. Vollen (2005), side 185-186.
  4. Protokollnr. 20, side 411, sak nr. 19.
  5. Vollen (2005), side 186-187.
  6. Protokollnr. 30, sak 26/13-5-35 (3 sider).
  7. Vollen (2005), side 196-197.
  8. Protokollnr. 20, side 411, sak nr. 19.
  9. Bolling, Reidar (1956), side 83. Garden heiter her «Hækne».
  10. Vollen (2005), side 190-191.
  11. Vollen (2005), side 173.

Litteratur[rediger]

Protokollar på Digitalarkivet.no