Grunde Stubseid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Grunde Stubseid
Født: 1. februar 1907
Død: 24. oktober 1964 (57 år)

Grunde Bendikson Stubseid var det sjette bornet av Bendik Stubseid og Mari Olavsdotter Hegland sine ti, og det einaste av dei som emigrera. Han vart fødd etter at familien flytta til Nordre Austad (Gnr. 13, bnr. 2 og 3) i Bygland.

7. august 1929 reiste han med Den Norske Amerikalinje frå Kristiansand. I emigrantprotokollen står han skriven som «Gunde Bendiksen Stubreid, ugift gårdsarbeider». Folketeljinga i 1940 syner at han var ugift og budde i Itasca County i Minnesota hjå ein nevø. Han kom aldri attende til Setesdal, men han sende både brev og lydbrev (lydband) heim til familien på Austad og fortalde korleis han hadde det der han budde. Grunde var aktiv i Setesdalslaget i Amerika, og var mellom anna formann der.

Utgjeve[rediger]

Kjelder[rediger]