Jørgen Løvland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. april 2022 kl. 14:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Løvland
J. Løvland - no-nb digifoto 20160420 00234 NB NS NM 10313 (cropped).jpg
Født: 3. februar 1848
Død: 21. august 1922 (74 år)

Jørgen Gunnarsson Løvland (fødd 3. februar 1848 i Evje, død 21. august 1922 i Kristiania) var skulemann, pressemann og rikspolitikar (Venstre). Han var Noregs første utanriksminister etter unionsoppløysinga i 1905.

Jørgen Løvland var ein av dei framste politikarane i Noreg i nærare 35 år. Han arbeidde for norsk politisk og kulturelt sjølvstende. Han var særleg oppteken av norskdom og målsak. Løvland var sentral under unionsoppløysinga i 1905, som Norges siste statsminister i Stockholm, og som den aller første norske utanriksminister 1905–1908. Han var statsminister 1907–1908. Han er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Barndomen i Evje

Statuen av Jørgen Løvland i barndomsbygda Evje i 2015. Statuen er seinare flytta til ein annan stad i sentrum.

Jørgen Løvland vart fødd på bruket «Dernede» på garden Lauvland i det som då var Evje kommune. Foreldra var Gunnar Olson Løvland og Siri Eilevsdotter Løvland (fødd Aaneland). Garden hadde lide same vanlagnad som så mange norske gardar, å få namnet vrengt på av dansk-norske embetsmenn.[1] Difor kom Jørgen til å bere etternamnet Løvland.

Ein kan undre seg over at eit bondesøn frå ein heller fattigsleg liten gard i «dalstroka innanfor» kunne nå så langt i livet som Jørgen Løvland til slutt gjorde. Men Olav Arne Kleveland, den kanskje største Løvland-kjennaren, meinte at Løvland hadde svært gode føresetnader for å bli ein einar i norsk politikk. Han var fødd inn i ei slekt der gåvene var rike både på mors- og farssida. På lærarskulen fekk han beste karakter i «evner». Han hadde eit utruleg godt minne, og skal ha vore nærast eit språkgeni.[2] Mora var av haugianarslekt, folk som var kjende for å vere svært strevsame og plikttrugne. Onkelen hennar, Notto Jørgensen Tvedt, var stortingsmann og ein framståande mann i bygda. Den berømte matematikaren Nils Henrik Aabel var tremenning med bestemor hans, Anne Gunnarsdotter Faret[3]. Lauvland-garden var på den tida han vaks opp eit politisk kraftsenter. Odelsguten Notto Olson Løvland, som seinare vart onkel til Jørgen, byrja å engasjere seg i politisk arbeid, der han samarbeidde nært med nemde Notto J. Tvedt. Notto O. Løvland møtte på Stortinget i perioden 1845-1847. Broren Gunnar, far til Jørgen, blei ein naturleg del av fellesskapet. I motsetnad til fleirtalet av dåtidas embetsmenn tenkte dei tankar i pakt med den nye tida.[4]

Jørgen Løvland gjekk frå 1854 almugeskulen i Evje. Vinteren 1861 var han ferdig med dei obligatoriske sju åra på omgangsskulen. Med unnatak for song og «næmme», hadde han einarar i alle fag. Han gjekk friviljug eit åttande år, og greidde då å forbetre karakterane i evner og song også, slik at han gjekk ut av skulen med bare einarar på vitnemålet.[5] I 14-15 årsalderen kom han over orda «Les og vex» i bladet «Dølen». Dei skar han inn i løeveggen heime. Orda blei som eit livsmotto for han.[6]

Læraren

I 1863 gjekk Jørgen Løvland på lærarlærlingskulen til Hans Faret i Hornnes. Hausten 1863 var han huslærar hos familien Moseid nord i Hornnes. Hausten 1864 greidde han opptaksprøva til Holt seminar med glans, og vart flytta rett opp i avgangsklassen.[7] Sommaren 1865, 17 år gamal, var han ferdig med lærarutdanninga si med den samla vurderinga «Meget duelig».

Den første lærarposten etter fullførd lærarutdanning var som huslærar hos lensmann Ole Sundsdahl i Valle. Her budde Jørgen Løvland hos presten Peter Blom, som også underviste han i fleire språk. Løvland fann seg ikkje særleg godt til rette i Valle.[8] Vinteren 1866 hadde han et vikariat som underlærar ved Pigeskolen i Kristiansand. Hausten 1866 fekk han fast tilsetjing som underlærar ved allmugeskulen i byen. Her blei han verande i ti år.

Hausten 1876 oppretta Nedenes amt ein amtsskule for dei indre bygder. Jørgen Løvland fekk permisjon fra allmugeskulen i eitt år, og blei tilsett som amtsskulestyrar. Dei første åra flytta skulen rundt omkring i dei indre bygdene. Første året var han i Bygland. Den seinare så vidgjetne spelemannen Knut J. Heddi var mellom elevane. Løvland var innlosjert hos presten i Bygland, Ole Ulsteen. I Bygland likte Løvland seg godt.[9]

Etter kurset i Bygland vinteren 1876/1877 fekk han eit stipend for å dra på studiereise til Dresden. Han skulle studere folke- og framhaldskulen i Tyskland. Vel tilbake frå Tyskland gjekk han tilbake til stillinga som lærar i allmugeskulen i Kristiansand.

Styrarstillinga ved amtsskulen blei ledig att alt neste år, og Løvland søkte seg tilbake dit. Amtsskulen var no i Herefoss. Året etter flytta han til Åmli. I Åmli var både Torgeir Drengson Bjørnaraa og Torgeir Berulvson mellom elevane. Skulen var så i Bygland 1880-1881, i Valle 1881-1882, i Hornnes 1882-1883 og på Tveit i Vegusdal 1883-1884.

Torgeir Berulvson, som sjølv seinare vart ein vidkjend lærar og styrar av amtskulen, har sagt desse orda om Jørgen Løvland som lærar:

Han sat inne med uhorveleg mykje kunnskap, og han hadde ein utifrå klår, visshøv og truverdig måte å bera han fram på. God til å læra ifrå seg var han, og for meg var skuletimane hans reine feststunder. Sogetimane minnest eg best; det kosta ingenting å fortelja uppatt leksa når han hadde fortalt ho dagen fyreåt.[10]

Redaktør og politikar

I 1884 sa Jørgen Løvland opp stillinga si som amtskulelærar i dei indre bygdene. Han flytta til Kristiansand, tok over som redaktør i Christiansands Stiftsavis og blei frå nå av politikar på heiltid. Han gjekk inn i lokalpolitikken som medlem i formmannskapet og skulestyret. I 1885 vart han vald inn på Stortinget som den eine av to representantar frå Kristiansand by.[11]

Det var store motsetningar i Venstre i den første perioden Løvland sat på Stortinget. Løvland støtta «Det reine venstre» og svikta med det partihovdingen Johan Sverdrup. Han røysta òg for diktarløn til Alexander Kielland. Dette lika velgjarane i Kristiansand ikkje, og Løvland blei ikkje attvald til Stortinget ved valet i 1888.[12]

Løvland var ikke politisk død. Ved valet i 1891 blei han igjen vald inn på Stortinget frå Kristiansand. Dette gjentok seg i 1894 og 1897. Då det nye stortinget kom saman vinteren 1898, gjekk Løvland inn i regjeringa som arbeidsminister. Han sat i første omgang i regjeringa fram til 1903. Då Løvland møtte på Stortinget for andre gong, vinteren 1892, blei han sett på som ein av dei mest ressurssterke politikarane i landet.Løvland blei vald til odelstingspresident og leiar av jernbanekomitèen.[13]

Frå oktober 1903, etter at Løvland hadde gått av som arbeidsminister, og til mars 1905, då han igjen blei statsråd, stod han utanfor det ordinære arbeidslivet.

1905

Konsulatsaka, striden om innføring av eit eige norsk konsulatvesen under unionen med Sverige, vart den den formelle årsaka til oppløysinga av unionen med Sverige i 1905.

Høgremannen Francis Hagerup danna regjering etter valet i 1903. Han lova å framforhandle eit eige norsk konsulatvesen. Dette lukkast ikkje, og regjeringa Hagerup leverte avskilssøknad 29. februar 1905. 7. mars 1905 fekk Christian Michelsen (V) i oppgave å skipe ei koalisjonsregjering, og ny regjering blei utnemd 11. mars. I denne fekk Jørgen Løvland posten som statsminister i Stockholm. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Løvland her var å førebu Kong Oscar og dei svenske styresmaktene på at dei ikkje lenger kunne hindre Noreg i å skipe sitt eige konsulatvesen.[14] Og 23. mai 1905 skjedde nettopp dette - konsulatlova blei samrøystes vedteken i Lagtinget. 27. mai 1905 møtte Jørgen Løvland den svenske kongen til statsråd på Stockholm Slott for aller siste gong. Kongen nekta å sanksjonere lova. Då leverte Løvland inn avskilssøknad på vegne av heile den norske regjeringa. Kva som ville skje vidare var høgst uvisst.

I det historiske møtet 7. juni 1905 fastslo Stortinget at regjeringa var gått av, og at kongen ikkje var i stand til å skaffe landet ei ny regjering. Kongemakta var då gått ut av funksjon. Dermed var det opp til Stortinget å ta over den kongen slapp, og be den avgåtte regjeringa om å fungere inntil vidare. Og når kongen hadde slutta å fungere, var det slutt på (personal)unionen med Sverige.[15]

Senere samme dag vart Jørgen Løvland utnemd til Noregs aller første utanriksminister. Han skulle gå inn i stillinga frå 15. juni.

Utanriksminister

Jørgen Løvland blei 15. juni 1905 Noregs aller første utanriksminister, i Christian Michelsens regjering. Han var landets utanriksminister til 19. mars 1908.

Ettertida har dømt Løvland sin innsats som utanriksminister noko ulikt. Fleire faghistorikarar har gjeve liv til den myten at han var ein passiv, svak og lite handlingskraftig utanriksminister. Historikar Olav Arne Kleveland meiner biografien om Løvland som kom i 2005 effektivt avliva denne myten. Løvland gjekk med stor energi og personleg handlekraft inn i arbeidet for å utvikle diplomatiet og konsulatvesenet og for å gje Noreg ein plass mellom verdas frie nasjonar, skriv Kleveland.[16]

Statsminister

Christian Michelsen gjekk av som statsminister hausten 1907. Jørgen Løvland overtok statsministerposten. Han vart sitjande i mindre enn eit halvt år. til 19. mars 1908. Han fekk eit såkalla «negativt fleirtal» mot seg. To framlegg i Stortinget som begge gjekk regjeringa imot hadde til saman eit fleirtal. I den eine saka var det representantar frå hans eige parti, Venstre, som stemte mot regjeringa. Ut frå dette visste Løvland at han ikkje hadde tillit i eit fleirtal i Stortinget, og i samsvar med sitt syn på parlamentarismen gjekk han av.[17]

Stortingspresident

Jørgen Løvland vart attvald på Stortinget i 1912, og i 1913 blei han stortingspresident. Han blei den første stortingspresidenten som tala landsmål frå talarstolen i Stortinget.

Kyrkje- og undervisningsminister

Hausten 1915 gjekk Jørgen Løvland, no 67 år gamal, inn som kyrkje- og undervisningsminister i Gunnar Knudsen si regjering. Han vart sitjande til 1920. Løvland-kjennaren Olav Arne Kleveland si meining er at ingen statsråd i dette departementet har sett djupare spor etter seg enn Løvland.[18]

Nobelkomitèen

Jørgen Løvland var medlem av Nobelkomiteen 1897-1922. Han var formann i komiteen i nesten alle desse åra (1901-1922).

Norskdomsmannen Jørgen Løvland

Jørgen Løvland brukte mest bare riksmål offentleg heilt til han kom i sekstiårsalderen. Men gjennom broren Eiliv, som gjekk på Holt seminar, fekk han tidleg lese Dølen, bladet Olav Aasmundson Vinje hadde begynt å gje ut på landsmål. Påverknaden frå broren skal ha tend varme i Løvland for målet. Han kom til å sjå på seg sjølv som målmann alt rundt 1860, då han var bare 12 år gamal.[19]

I 1876 kom det i stand ein ambulerande amtskule for dei indre bygdene i Nenedes amt. Jørgen Løvland vart tilsett som den første styraren. Første vinteren var han på Bygland. Her blei norskdomssynet hans styrkt.[20] Han utvikla venskapen med stortingsmann Lars Liestøl, som hadde knytta band til norskdomsmiljøet i Christiania. På amtskulen var undervisningsspråket riksmål. Men Løvland samla elevane på skulen om ettermiddagane, utanom skuletida. Han gav dei opplæring i landsmål, og passa på at mellom bøkene dei las i norsktimane var bøker på landsmål.

I 1886 kom dei to første komitèinnstillingane i Stortinget på landsmål. Begge var Førde i pennen av setesdølar. Lars Liestøl skreiv den eine, Jørgen Løvland den andre.

I 1906 var Jørgen Løvland ein av stiftarane av Noregs Mållag. Regjeringa Løvland var med i frå 1905 til 1908 innførde sidemålsstilen i gymnaset. Mannen bak dette framsteget var truleg meir enn nokon annan Jørgen Løvland.[21] I 1909 blei Løvland leiar i Noregs Mållag. Frå no av tala og skreiv han mest bare landsmål når han stod fram offentleg. Då han vart stortingspresident i 1912, blei han den første stortingspresidenten som tala landsmål frå talarstolen.

I 1915 blei Jørgen Løvland kyrkje- og undervisningsminister. Løvland fekk norska opp namneverket, og han ber ansvaret for den norske rettskrivingsreformen av 1917.

At Jørgen Løvland var norskdomsmann fullt ut er det ikkje tvil om. I eit foredrag i 1904 sa han:

«---Maalet er, um ein vil, den lekamen, nationen si aand lever i. Drep maalet, og nationen døyr.»[22]

Referansar

  1. Olav Arne Kleveland, Norskdomsmannen Jørgen Løvland, artikkel i Jol i Setesdal, 2006, s. 38
  2. Olav Arne Kleveland, Jørgen Løvland - Ein statsmann, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 81/2005, s. 51-52
  3. Ellen Miøen Sæther, Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk, Evje og Hornnes Sogelag, 2013, s. 11-16
  4. Jørgen Løvland - Ein statsmann, s. 52-53
  5. Per Eivind Hem, Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, Det Norske Samlaget, 2005, s. 42
  6. Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 40
  7. Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 53
  8. Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 70
  9. Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 101
  10. Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 115
  11. Jørgen Løvland - Ein statsmann, s. 53
  12. Jørgen Løvland - Ein statsmann, s. 55
  13. Jørgen Løvland - Ein statsmann, s. 55
  14. Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 300
  15. Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 314
  16. Jørgen Løvland - Ein statsmann, s. 58
  17. Jørgen Løvland - Ein statsmann, s. 58
  18. Norskdomsmannen Jørgen Løvland, s. 39
  19. Norskdomsmannen Jørgen Løvland, s. 38
  20. Norskdomsmannen Jørgen Løvland, s. 39
  21. Norskdomsmannen Jørgen Løvland, s. 39
  22. Sitat henta frå Norskdomsmannen Jørgen Løvland, s. 39

Kjelder

  • Om Jørgen Løvland på norsk Wikipedia, besøkt 23. januar 2015
  • Per Eivind Hem, Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, Det Norske Samlaget, 2005
  • Olav Arne Kleveland, Norskdomsmannen Jørgen Løvland, artikkel i Jol i Setesdal, 2006
  • Ellen Miøen Sæther, Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk, Evje og Hornnes Sogelag, 2013

Eksterne lenker

Sjå også