Notto Jørgensen Tvedt
Notto Jørgensen Tvedt | ||
---|---|---|
Født: | 1794 | |
Død: | 28. mars 1839 (alder 44–45) |
Notto Jørgensen Tvedt (fødd 1794, død 28. mars 1839) var kyrkjesongar, stortingsmann og ordførar i Evje og Vegusdal formannskapsdistrikt 1838–1839. Han var den første ordføraren i Evje etter at formannskapslovene innførte kommunalt sjølvstyre i 1837.
Notto var ein særs gåverik mann. Han var kjent for si fine framferd. Han fekk tidleg eit godt omdøme. 18 år gamal blei han sett til å vere lærar. I 1820 overtok han som klokkar etter far sin i Evje, Hornnes og Vegusdal. Eit år gjekk det ein fæl koppe-epidemi i Setsdal. Notto blei då sendt dit av amtet som vaksinatør. I dalen blei han kalla «kveisedoktoren».
Notto J. Tvedt var haugianer. Han gjaldt som en autoritet i religiøse spørsmål. Han var mykje med i styre og stell. I Per Eivind Hem sin store biografi om Jørgen Løvland, heiter det at han var den leiande mann i Evje på 1820- og 1830-talet, og ein av dei mest kjende og respekterte menn i Setesdal i det heile. I 1825 blei han vald inn i skulekommisjonen. Frå 1823 til 1839 var han valmann til Stortinget. I 1833 vart han forlikskommisjonær.
I 1835 blei Notto J. Tvedt innvald på Stortinget som representant for Nedenes og Råbyggelaget amt.
Haugianar – ordførar – stortingsmann
Erik Kjebekk har skrive ein artikkel om Notto Jørgensen Tvedt som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.
Hans Nielsen Hauge kjem til Fennefoss
Seinhaustes i 1803 kom Hans Nielsen Hauge ein sundag gåande frå Åmli over heia til Bygland. Etter gudstenesta heldt han samling i stova på Åkhus. Så fortsette han utetter dalen. På Lauvdal heldt Hauge to møte. Han fór vidare og kom til Senum. Der heldt han og møte. Mellom andre hadde lærar Olav Torgrimson d. y. møtt fram. Sjølv om det fell noko ved sida av temaet for innlegget mitt, tek eg med Johannes Skar si meisterlege skildring i Gamalt or Sætesdal om Olav Torgrimson sitt møte med Hauge.
![]() | Då Olav skulle gå til møtet, kom grannen ut i døra og sa: «Kori vi du av,» sa han. «Høyra på Hauge,» sa Olav. «Men lat meg sjå ´an inkji dårar deg!» sa hin. Kvæ ´an dårar, so dårar ´an inkji meg,» sa Olav. Stoga var stappande full då Hauge kom inn. «Skikker folket til sæde,» sa han so blidleg – «då va ´an som ´n engel å sjå, «fortel gamle Ingebjørg Senum. Olav var kvitt med same tak: «Då eg barre ha fengje set ´an, va eg færig´e,» fortalde han når han kom inn på dei rødone. Han var ein trugen ven av Hauge solengje han var til, like til han fylgde han åt jordi.» | ![]() |
– Johannes Skar i Gamalt or Setesdal |
Olav Torgrimsson flytta kort tid etter til Fennefoss, vart gift med enka etter lensmann Ramse og tok namnet Fennefoss. Garden gjorde han til eit senter for haugerørsla i Otradalen og han var sjølv stortingsmann ein periode på 1820-talet. Han var god ven med Notto Jørgensen Tvedt, og dei hadde mykje med kvarandre å gjere.
Litt om slekta
Fleire dyktige personar i Evje og Hornnes kom med i haugerørsla. Generelt kan ein seie at det stort sett var bønder og kjøpmenn i byane som kom med i rørsla. Ein høyrer lite om at mange husmenn og fattigfolk var med i den tidlege haugerørsla. Dette forandra seg ein del seinare.
Notto Jørgensen som var fødd i 1795 (1794), var berre ni år då Hauge kom til Fennefoss. Far hans, Jørgen Dækne som han vart kalla, kom truleg med i haugerørsla då Hauge var på Fennefoss i julehelga 1803. Me kan rekne med at også tok Notto med seg på desse samlingane. Då Notto voks opp, vart han ein trufast haugianar.
Notto Jørgensen Tvedt var av gamal slekt i Evje. Farsætta kom frå garden Lauvås og morsætta frå Vikstøl. Det viser skattemanntalet frå 1610. I båe slektene var han i sjuande ledet. Statsminister Gunnar Knudsen og statsminister Jørgen Løvland er av niande led i Viksdølætta. Oldemor til Knudsen og mor til Notto Jørgensen var søsken. Løvland var søsterdotterson til Tvedt, altså son til dottera av søstera til Tvedt. Far til Notto, Jørgen Nottoson, var lærar og kyrkjesongar. Ei tid var han lærar i Vegusdal, seinare i Evje. Han var klokkar – dækne i alle tre soknene, Evje, Hornnes og Vegusdal. Ei tid budde han med huslyden sin på Tveit i Flatebygd. Her vart sonen Notto fødd 29.10.1795. Notto flytte seinare til Åneland og kjøpte seg gard der. Difor er han også kjent under namnet Notto Jørgensen Aaneland. Men det er namnet Tvedt han er mest kjent under. I referata frå stortinget vert etternamnet Tvedt brukt.
Ein gåverik mann
Notto hadde gode evner. Han likte å lese og han samle seg etter kvart mykje kunnskap. Han var dessutan kjent for si fine framferd. Dette forklarar at tidleg fekk eit godt omdømme. Berre 18 år gamal blei han sett til lærar. I 1820 overtok han som klokkar etter far sin i alle tre soknene. Eit år herja ein fæl koppeepidemi oppe i Setesdal. Då blei Notto «af amtet» sendt dit som vaksinatør. Han skulle også hjelpe folk med råd og dåd så godt han kunne. Lenger oppe i dalen kalla dei han «kveisedoktaren». Kyrkjehistorikaren Hallvard G. Heggtveit frå Telemark som i ei stor kyrkjesoge på tre band har samla svært mykje stoff om haugerørsla og mange haugianarar, skriv sjølvsagt også om Notto Jørgensen Tvedt. Mellom anna fortel Heggtveit:
![]() | Folk søgte hans veiledning, råd og hjelp i de mest forskjellige anliggender, betrodde ham sine hemmeligheter og mest private forhold. Han gjaldt som autoritet i religiøse spørsmål og kom til å øve en indflytelse der over alt gikk du på at vekke aktelse for bestående kirkelig ordning, men også for lægmandens frihed og plikt til at vidne. | ![]() |
– Hallvard G. Heggtveit |
Etter det eg veit, reiste ikkje Notto Jørgensen rundt som lekpredikant. Eg er ikkje sikker på at det låg for han. Dessutan kunne han snautt få tid til det. Han skulle drive garden, han fekk mange tillitsverv og han blei rådgjevar og sjelesyrgjar for mange her i distriktet og oppover i dalen. Men kristentrua prega han i helg og kvardag. Eg tek med eit noko langt sitat frå ei notatbok som er skriven av Torborg Galteland. Anna Galteland var gild og lånte meg den handskrivne protokollen etter svigermor si. Eg tek med noko Torborg siterer etter Notto Rosseland om Notto Jørgensen:
![]() | Slik mann hev det aldri vore, sa ei gamal kone i Vegusdal. Eg minnes godt Notto Jørgensen frå eg var ung, sa Tone Bjorå Han var ei stor og rask mann med stø og roleg gange, noko myrklaten og sers godsleg til augo. Olav Faret fortel: Sundags morgonen når Notto kom til Farestø og skulle til kyrkja og venta på ferje, song han salmar og ålmugen sto stille og lydde. Notto song so vent og hadde so godt mannetykje.
«I Nottos tid, sa mor, var det skikk at spelemannen spela brurfolki inn i kyrkja og stundom stod ved sida av dæknen og spela brudesalmane. Når Notto Jørgensen song og Olav Bakken spela med, lydde dei gamle tonane so vent. Notto Haugan ha gjenge i skule hos Notto Jørgensen. Det var ingen ting med skulane no, totte han. Då byrja dei med same det var ljost um morgonen, og heldt på ei god stund etter at det var myrkt um kvelden. Når det tok til myrkne, spurde Notto, hel ga oss hovudrekning. Me las mykje i bibelen. Og etter som me las forklåra Notto innhaldet, og me blei aldri lei av å høyre på. Det hadde vore ståk og drikk i prestegårdslåven og tenarane var med. Notto gjekk då til presten og sa: Det sømer seg lite med drykk og skrål i prestegarden. Me venter det aldri hender meir. | ![]() |
– Torborg Galteland |
Torborg skriv også at Notto etter ei tid slutta som lærar og blei då uppmoda om å halde lærarskule. Det trur eg snautt det vart noko av, i alle nemner ikkje Olav Arne Kleveland noko om det i kultursoga.
Kommunale verv og ordførar
Frå 1660 og fram til unionen med Danmark brast i 1814, hadde me einevaldsstyre. Kongen styrte ved hjelp av embetsverket sitt, amtmenn, futar. sorenskrivarar og lensmenn stod for styret i bygd og by. Grunnlova av 1814 bygde på folkestyret. Men det gjekk mange år før lova om kommunalt sjølvstyre såg dagsens ljos. Byane hadde langt på veg sjølvstyre frå gammalt av gjennom dei såkalla «eligerede menn» som var valde tillitsmenn. Viktige avgjerder i byane vart drøfta i større borgarmøte.
På landsbygda var det kommunale sjølvstyret langt dårlegare utbygd. Men også der hadde dei fattig- og skulekommisjonar. Sjølv om embetsmennene var representerte i desse kommisjonane, var bøndene i fleirtal. Og så vart det kalla inn til allmugemøte på kyrkjebakken eller under tingsamlingane når viktige saker felles interesse så som utgifter til vegbygging, kyrkjene, skyssystem og skattar skulle avgjerast.
Men lova om kommunalt sjølvstyret, fomannskapslova, kom altså først i 1837. På grunn av dei kommunale organa som hadde eksistert før 1837, vart ikkje overgangen så merkbar. Dessutan vart ofte embetsmenn valt inn formannskapa. Historikaren Rolf Fladby «har funne ut at heile 58% av ordførarane ikkje kom frå bondestanden i 1838 – dei fleste av desse var prestar.» Trass i meir lokalt sjølvstyre og meir makt til lokalsamfunnet, trass i bondeopposisjonen, thranerørsla og liberale embetsmenn, meiner historikaren Jens Arup Seip at tida fram mot parlamentarismens gjennombrot i 1884 er embetsmannsstatens tid.
Fyrste ordførar i Evje som var saman med Vegusdal i åra 1837-1877 og som dermed utgjorde eit formannskapsdistrikt eller kommune, vart Notto Jørgensen Tvedt, altså ikkje nokon embetsmann. Han blei vald for 1838-1839, men Notto døydde alt i mars 1839, så tida hans som ordførar vart kort, berre vel eit år. Han fekk vel ikkje på den stutte tida utretta så mykje som kommunepolitikar. Men når me ser på dei viktigaste tillitsverv han hadde i kommunen, forstår ein meir av kor viktig bygdepolitikar han var. I 1825 kom han med i skulekommisjonen. 1823-1838 var han valmann. I 1833 var han forlikskommisjonær og frå 1837 altså ordførar i kommunen. Han åtte stor tiltru her i distriktet og også utanfor Evje.
Olav Arne Kleveland skriv at «ein fær inntrykk av at N J Tvedt hadde stor tiltru mellom folk langt utanom Evje sine grenser. Når det var sammøte mellom Evje og Vegusdal og Hornnes og Iveland, var det alltid han som blei vald til ordførar.»
Stortingsmann Notto Jørgensen Tvedt
I 1835 vart N J Tvedt vald inn på Stortinget som representant for Nedenes og Råbyggelagets amt. Stortingsperiodane den gongen var berre tre år. Og representantane var berre samla nokre månader kvar stortingsperiode. I dei tre åra han var på Stortinget er det særleg to saker me hugsar han for. Han kom for det eine med framlegg om at «Opplysningsvesenets fond skulle gi et bidrag til hvert prestegjelds skolekommisjon slik at de kunne kjøpe inn høvelige bøker til folkeopplysningsformål. Forslaget falt, men regjeringen tok utfordringen, og i 1839 fikk Opplysningsvesenets fond beskjed om bruke inntil 2 000 spesiedaler til de sogneselskap som var virksomme» (Elisabeth S Eide). Notto Jørgensen var altså ingen bakstrevar som motarbeidde folkeopplysning, kunnskap og framsteg. I så måte var han ein ekte haugianar. Hauge og mange av hans tilhengarar var føregangsmenn i å take i bruk ny innsikt og nyare driftsmåtar.
Det andre framlegget Notto Jørgensen er kjent for, er forslaget om å avskaffe konventikkelplakaten av 1741 som forbaud den frie, omreisande predikantverksemda og småmøte (konventiklar) utan geistleg kontroll. Tre forslag, alle frå haugianarar, vart lagt fram om avskaffing Konventikkelplakaten i 1836. Etter denne lovforordninga saman med brot på lova om trykkefridom vart Hans Nielsen Hauge dømt i 1813/14.
Det som førte til at Tvedt tok saka opp i stortinget var den urettmessige domen over 19 personar i Vegusdal som hadde tatt til motmæle mot soknepresten på kyrkjebakken. Både Notto Jørgensen og Olav Torgrimson Fennefoss prøvde til fånyttes å tale dei til rette. Men at dei skulle få ein rettskraftig dom på seg, meinte Notto var urettferdig. Konventikkelplakaten burde bort, meinte han. Professor Andreas Seierstad drøftar denne saka i si doktoravhandling og skriv:
![]() | Den harde medferd som raaka so mange heiderlege menneskje i hans eige prestegjeld, har gjort innverknad paa han. So var det daa lovbrot det vekkjingsfolket dreiv med. Den ærlege, varmt-tenkjande, kristelege borgar kjenner forordninga som ei byrd paa samvitet, hævdar han i sitt framlegg, og held fram det uforsvarlege i at ein ikkje skal faa maalbære sine religiøse kjenslor i ein flokk av vener eller lesa or ei gudleg bok. Det ser ut som han har den strenge domen i tankane. 7 av desse bønder som vart straffa, sende 7. mai 1836 eit skriv til Stortinget med anke over forordninga, og Tvedt bar det fram i tinget. I ein hjelpelaus stil, men paa ein høvisk maate klagar dei over forordninga og freistar syne av bibelen og Luthers skrifter at det maa vera lovleg aa vitna um sin Gud. | ![]() |
– Andreas Seierstad |
I si grunngjeving for å avskaffe konventikkelplakaten peikar Tvedt på mishøvet mellom den borgarfridomen nordmennene fekk med grunnlova og den mangel på fridom som konventikkelplakaten set. Andreas Seierstad skriv at Tvedt brukte eit nasjonalliberalt syn som våpen mot den forordninga som hindra forsamlingsfridomen. Av vår frie statsskipnad må me ha rett til å venta noko meir. Tvedt peikar også på at dei selskapa som var skipa for å fremme kristeleg opplysning, krev større fridom, bibelselskapet, andaktsbokselskapet og dei religiøse traktatselskapa. Mange er no også opptatt av å etablere eit misjonsselskap. Alt dette er noko riksstyret ser på med godhug. Men korleis kan ein då vere i mot samlingar som tek sikte på å fremme kristenlivet? Det er uverdig å måtte spørje presten om lov kvar gong ein vil seie noko i ei religiøs samling. Slik argumenterte Tvedt for å få avskaffe konventikkelplakaten.
Notto Jørgensen fekk ikkje sjølv oppleve at konventikkelplakaten vart avskaffa. Han døydde som nemnd ovanfor, i 1839. I 1842, same året som vårt første misjonsselskap, det Norske Misjonsselskap, vart stifta, fall han bort etter at stortinget tre gonger hadde gjort vedtak om å avskaffe konventikkelplakaten. Bondeopposisjonen, der dei haugianske tingmennene høyrde heime saman med liberale embetsmenn, sørgde for å få denne lovforordninga bort. Og haugianarane gledde seg, mellom anna Erik Venjum i Hafslo i Sogn som skreiv:
Hav Takk, o Fader kjær,
For saadan frihed er,
At vi i fred
Kan tales ved
om det som hør´til Salighed!
Kjelder
- Erik Kjebekk, Misjon og vekking i eit bygdesamfunn, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2002, s. 7–9
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 261
- Per Eivind Hem, Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, utgjeve av det Norske Samlaget, 2005, s. 29–30