Gunnar Olson Løvland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunnar Olson Løvland
Født: 4. oktober 1811
Død: 2. mars 1889 (77 år)

Gunnar Olson Løvland (Gunder O. Løvland) (fødd 4. oktober 1811, død 2. mars 1889) var bonde på bruket «Dernede» på Lauvland i Evje. Ved sida av gardsdrifta dreiv han i mange år som tømmermerkar i Setesdal. Han var også mykje med i styre og stell i bygda. I ei årrekkje var han forliksmann, og han var mykje brukt som skjønsmann. Han var kommunepolitikar og med i kommunestyret i 17 år. Han var med i det første styret i Evje og Hornnes Sparebank, då banken vart skipa i 1864. Her vart han sitjande til ut 1886 (22 år). Han var valgmann til Stortinget i 1850- og 1860-åra.

Gunnar O. Løvland var gift med Siri Eilevsdotter Løvland (fødd Aaneland). Dei var foreldra til utanriksminister og statsminister Jørgen Løvland, Ola G. Lauvland og åtte andre barn. Tre av barna døydde små.

Kjelder[rediger]